• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Førelegg for brot på arbeidsmiljølova

Sist oppdatert 20.04.2005

Eit større entreprenørselskap har vedteke eit ØKOKRIM-førelegg på 300 000 kroner for ikkje å ha følgt arbeidsmiljølovas krav til tryggleik ved tunnelarbeid i Odda.

Entreprenørselskapet, som hadde hovudentreprisen med å sprengje fjellhallar i Odda, traff ikkje dei naudsynte tiltaka for å redusere risikoen ved uttransportering av fjellmassar frå fjellgangane. To lastebilsjåførar køyrde feil i tunnelsystemet og kom inn i ei sky av giftig gass. Den eine sjåføren pusta inn gassen og vart skadd i lunga.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157.