Rettstap og fengsel utan vilkår for bedrageri og meirverdiavgiftsbedrageri

Sist oppdatert 18.10.2005

I ei ØKOKRIM-sak er ein mann frå Grimstad dømd til fengsel i fem år og seks månader for grovt bedrageri og meirverdiavgiftsbedrageri. Han vart for alltid frådømd retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd.

Mannen vart dømd for medverking til eit grovt meirverdiavgiftsbedrageri, medverking til to forsøk på grove meirverdiavgiftsbedrageri, medverking til eit grovt bedrageri, medverking til eit forsøk på grovt bedrageri, tre brot på straffelova § 286andre straffalternativ, jf. § 288, og eit brot på reglane om å levere omsetningsoppgåve for meirverdiavgift; i alt ni forhold.

Mannen vart dømd for brot og forsøk på brot på meirverdiavgiftslova § 72 av di han som reell leiar for to aksjeselskap i perioden 2000-2002 uriktig hadde oppgitt inngåande meirverdiavgift med til saman om lag 51,7 millionar kroner. Avgifta gjaldt mellom anna bokførde kjøp av stein og sand frå mannen sitt enkeltmannsføretak i Grimstad.

Han vart dømd for bedrageri og forsøk på bedrageri (straffelova § 271, jf. § 270) mot selskapet Caterpillar Financial Services Norway, som var med på å finansiere kjøp av anleggsmaskiner. Grunnen er at han fekk lån på til saman 23,2 millionar kroner frå dette selskapet på grunnlag av uriktige opplysningar som han hadde gitt om to selskap. Han er òg dømd for brot på rekneskapslova.

I tillegg er mannen dømd til å betale erstatning til Staten v/Oslo fylkesskattekontor med om lag 30,6 millionar kroner og til aksjeselskapet som gav han lån, med 2 millionar kroner. Han er òg dømd til å betale 70 000 kroner i sakskostnader.

Mannen vart dømd på alle punkt i tiltalen.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.