Dømd for å ha gitt uriktige opplysningar om selskap

Sist oppdatert 20.12.2005

I ei ØKOKRIM-sak er ein dagleg leiar i eit aksjeselskap dømd til fengsel i 7 månader for å ha gitt uriktige opplysningar om selskapet til selskapet sine aksjonærar. Fire månader av fengselsstraffa er på vilkår.

Mannen hadde sendt ei melding til selskapet sine aksjonærar om at selskapet hadde underteikna ein kontrakt for bygging av kjemikalietankarar som ville tilføre selskapet lisensinntekter. Denne meldinga sendte han trass i at selskapet ikkje hadde inngått ein slik kontrakt. Han gjentok desse opplysningane i selskapet si generalforsamling.

Dessutan hadde han opplyst til selskapet sitt styre og generalforsamling at selskapet hadde inngått ein avtale om ein retta emisjon trass i at dei potensielle investorane ikkje var rettsleg forplikta til å teikne seg i emisjonen.

Ved straffeutmålinga la tingretten stor vekt på at saka var blitt gamal. Likevel meiner retten at det er svært viktig at ein i marknaden kan stole på dei opplysningane som ein får: ”Inngåelse av større kontrakter og emisjoner vil nettopp være opplysninger som har stor betydning for vurderingen av aksjeverdien”, heiter det i dommen.

Den delen av straffa som er vilkårslaus er sona, av di den dømde mannen har sete i varetektsfengsel i Frankrike.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.