• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

KMPG AS fekk bot på fem millionar kroner

Sist oppdatert 26.06.2008

Høgsterett har gjeve revisorselskapet KMPG ei bot på fem millionar kroner for brot på revisor- og rekneskapsloven.

KPMG var revisor for tre selskaper i Finance Credit- systemet frå 1999 til konkursen i 2002 då samla gjeld var på ca. 1,5 millardar kroner. I tingetten blei ansvarlig revisor for oppdraget endeleg dømd til 30 dagars fengsel, mens selskapet KMPG blei frifunnen. Dei tidlegare leiarane av Finance Credit- systemet er frå før dømd til fengsel i høvesvis ni og sju år for grove bedrageri.

Økokrim anka frifinninga til lagmannsretten som etter ei samla vurdering ikkje fann at foretaksstraff skulle nyttast mot KMPG. Økokrim anka lagmannsrettens avgjerd til Høgsterett som kom til motsett resultat. Høgsterett la særleg vekt på omsynet til straffas preventive verknad overfor allmenta og grovskapen i brotsverka, og uttala mellom anna: "..muligheten for å bli utsatt for straffesanksjoner uten at det har vært noe å bebreide foretaket vil gi et sterkere incitament enn ellers til å forhindre lovovertredelser." og "Når jeg finner grunn til å vektlegge en slik generell preventiv effekt av foretaksstraff, legger jeg særlig vekt på den betydning revisjonen har i det økonomiske liv og i samfunnet for øvrig, og de skadevirkninger sviktende revisjon kan føre til."

Kontaktperson i Økokrim: Statsadvokat Katharina Rise tlf. 478 59 912.