• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Fengselsstraff for grovt bedrageri og økonomisk utruskap

Sist oppdatert 09.06.2006

I Nord-Troms tingrett er ein mann dømd til fengsel i fire år for grovt bedrageri mot Tromsø kommune i den såkalla Fjellanlegg-saka. I tillegg er han dømd for grov økonomisk utruskap, brot på rekneskapslova og skattesvik. Toår av straffa er på vilkår.

"Fjellanlegg-saka", som vart etterforska og førd for retten av ØKOKRIM, gjaldt mellom anna grovt bedrageri mot Tromsø kommune.

”Fjellanlegg-saka” har sitt utspring i Tromsø kommune sin avtale frå 2001 om overtaking av eigedelar og gjeld i Trygg Parkering AS - eit aksjeselskap som dreiv eit parkeringsanlegg i fjellet i Tromsø by. Den dømde mannen var styreleiar og i praksis dagleg leiar i selskapet. I samband med overtakinga av Fjellanlegget vart kommunen påverka til å tru at gjelda i selskapet var større enn den var. Dermed utbetalte kommunen eit for høgt beløp til dekning av gjelda.

I tillegg til grovt bedrageri for i overkant av 20 millionar kroner vart mannen dømd for grov økonomisk utruskap mot selskapet Trygg Parkering AS, av di han mellom anna ikkje hadde betalt vederlag for 114 parkeringsplassar. Dommen gjeld dessutan brot på rekneskapslova ved at uriktige gjeldspostar vart førde opp i rekneskapet. Mannen kravde frådrag i sjølvmeldinga for uriktige renter på gjelda og vart difor òg dømd for skattesvik.

Ved utmålinga av straffa har retten teke omsyn til mannens helseplager og høge alder.

I tillegg til fengselsstraffa vart mannen for alltidfrådømd retten til å drive forretningsverksemd, anten som styreleiar eller dagleg leiar i eit selskap.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Marianne Djupesland, tlf. 911 15 460.