• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Revisor frifunnen i lagmannsretten

Sist oppdatert 08.02.2006

I ei ankesak i Borgarting lagmannsrett er revisoren i selskapet Fiskas AS frifunnen på alle tiltalepunkt. Han var tiltalt av ØKOKRIM for grovt uriktig bokførsel og uriktige opplysningar om selskap.

For fleire av tiltalepostane finn lagmannsretten at det objektivt sett ligg føre straffbare handlingar. Retten legg likevel til grunn at tiltalte ikkje hadde utvist aktløyse. På éin av postane var det dissens blant dommarane.

Saka mot revisoren er ein del av eit større sakskompleks mot personar knytte til selskapet OK Fish Kvalheim AS. Leiaren av dette selskapet vart i januar 2002 dømd til sju og eit halvt års fengsel for omfattande momssvindel og økonomisk utruskap.
 
Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.