Dom i Scanfish-saka

Sist oppdatert 07.04.2006

Den 28. mars sa Hammerfest tingrett dom mot to personar i den såkalla Scanfish-saka. Den eine vart frifunnen. Den andre vart dømd til fengsel i 60 dagar på vilkår og 25 000 kroner i bot for å ha skrive ut uriktige opphavsbevis/fakturaer.

Han som vart dømd, må i tillegg betale 150 000 kroner i sakskostnader av di retten meinte at han burde ha fått saka avgjort ved tilståingsdom, og at bevisføringa i saka var blitt langt meir omfattande enn det som var naudsynt.

Saka gjaldt eksport av fersk fisk frå det norske selskapet Scanfish AS til kundar i EU. I opphavsbeviset og underleverandørerklæringane vart det oppgitt at fisken var av norsk opphav, til tross for at fisken var russisk. Konsekvensen av dette var at det vart berekna for lite toll ved innfortolling av fisken til EU.

Opphavleg var fem personar tiltalte i denne saka. Tre av dei fekk tilståingsdom i september/oktober 2005. Dei vart dømde til fengsel på vilkår og bøter på til saman 70 000 kroner. 

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 91 64 60 17.