Fengsel i Vest Tank-saka

Sist oppdatert 06.04.2010

Tidlegare styreleiar og tidlegare dagleg leiar i selskapet Vest Tank AS (no Alexela Sløvåg AS) er av Nordhordland tingrett dømd til fengsel i eit og eit halvt år. Dagleg leiar er dømd for miljøkriminalitet, medan styreleiar i tillegg er dømd for økonomisk utroskap og forsikringsbedrageri. Ein rådgivar innan kjemi blei dømd til fengsel på vilkår i 45 dagar for brot på forureiningslova.

I dommen frå Nordhordland tingrett heiter det mellom anna: "Viktige bestemmelser ble satt til side av dagleg leder av hensyn til ønske om økonomisk vinning." Retten finn at han har "forsøkt å skyve ansvar over på de ansatte ved Vest Tank og andre". Om styreleder heiter det at han ” har forklart at daglig leder hadde det svært travelt, og at han kjente denne som en ’superoptimist’. Dette må skjerpe kravene til styreleders tilsyn”. Om rådgjevaren skriv retten at ”det stilles strenge krav til rådgivers påpasselighet”.
 
Dagleg leiar og styreleiar er og frådømt retten til å sitje i eller leie selskap som krev løyve til drift frå Klima- og forureiningsdirektoratet (Statens forureiningstilsyn) eller frå Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap i fem år.
 
Selskapet har tidlegare vedteke ei bot på to millionar kronar for brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova.
 
Det var i mai 2007 at to tankar eksploderte på selskapet sitt anlegg i Gulen. Folk på anlegget var i livsfare. I tillegg medførte eksplosjonen helsefarleg utslepp som førte til mellom anna kraftige betennelsesreaksjonar på slimhinner, kvalme og hovudpine for personar som opphalde seg i nærleiken av bedrifta.
 
Det var Klima- og forurensningsdirektoratet, Arbeidstilsynet, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap og Norges Miljøvernforbund som melde saka. ØKOKRIM overtok saka frå det lokale politidistriktet i slutten av november 2007.
 
Kontaktperson i ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, tlf. 916 46 013.