Fengsel for kvitvasking av utbytte frå utlandet

Sist oppdatert 21.04.2009

I ei Økokrim-sak har Oslo tingrett dømd ein britisk statsborgar busett i Noreg til fengsel i eitt år og tre månader for kvitvasking av utbytte frå ulovlege handlingar i utlandet. Mannen må og tole inndraging på 1,8 millionar kroner.

Mannen hjelpte mellom anna ein koreansk forretningskontakt med å motta fleire pengeoverføringar. Slik var den dømde med på å sikre utbytte frå straffbare handlingar. Han blei og dømd for å ha motteke pengar ulovleg frå NAV.

Kvitvasking av utbytte frå straffbare handlingar er eit omfattande internasjonalt problem. I dommen heter det mellom anna at det "etter rettens mening (…) ikke er tvil om at kontantene, totalt NOK 1 800 000, var midler som skrev seg fra straffbare handlinger begått i Sør Korea og/eller Norge som beskrevet i tiltalebeslutningen. (…) Handlingen anses som særlig grov fordi det er lagt vekt på verdien av det utbyttet tiltalte har hatt befatning med".

Kontaktperson i Økokrim: Politiadvokat Anne Mette Sundli, tlf 908 66 087