• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Bot på 4 millionar kroner til FAST

Sist oppdatert 25.03.2010

ØKOKRIM har gitt eit førelegg til selskapet FAST Search & Transfer AS (FAST) på 4 millionar kroner for brot på rekneskapslovgivinga for transaksjonar i 2006.

Bakgrunnen for førelegget er at ØKOKRIM meiner selskapet i årsrekneskapen for 2006 tok til inntekt ca.80 millionar kroner som det ikkje var grunnlag for. Selskapet var børsnotert, og offentleggjorde rekneskapstal kvart kvartal. Fast har vedteke førelegget.
 
FAST blei kjøpt opp av Microsoft i etterkant av hendingane som ligg til grunn for førelegget, og selskapa har samarbeidt med ØKOKRIM under etterforskinga. ØKOKRIM er kjent med at ny eigar har innført nye kontrollrutinar i FAST som skal forhindre at noko tilsvarande skal kunne skje i framtida.
 
Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Bård Thorsen, tlf. 414 54 172.