Dom i ulvesak

Sist oppdatert 06.03.2006

I ei ØKOKRIM-sak har Oslo tingrett dømt ein mann til fengsel i 40 dagar (19 av dei på vilkår) for heleri av vevprøver/hårprøver av ulv og for brot på våpenlova. I tillegg må mannen tole inndraging av to haglgevær med ammunisjon. Han må òg betale sakskostnader med 8 500 kroner.

Mannen vart dømd for ulovleg innehaving av to våpen og for ulovleg oppbevaring av våpen og/eller ammunisjon og for heleri av vevprøver/hårprøver av ulv. Vevprøvene og/eller hårprøvene tilhøyrte Viltfondet. Retten finn det bevist at prøvene anten kjem frå ulovleg felt ulv, eller frå ulv som er omkomen på anna vis, men funnen av nokon som har tileigna seg prøver utan å melde frå til viltnemnda. 

Kontaktpersonar i ØKOKRIM: politiadvokat Thomas Skjelbred, tlf. 915 95 376, eller konstituert førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, tlf. 916 46 013.