Dømd for grov utruskap

Sist oppdatert 30.05.2007

I ei Økokrim-sak har Borgarting lagmannsrett dømd ein mann til to år i fengsel for grov utruskap og brot på likningslova og rekneskapslova.

I tillegg omfattar dommen inndraging av ca. 3,7 millionar kroner og 25 000 kroner i sakskostnader.

Straffa er i samsvar med påtalemaktas straffepåstand for tingretten.

Mannen har vore dagleg leiar og styreformann i eit aksjeselskap. Han vart dømd fordi han i perioden 2001-2003 sytte for å overføre og/eller utbetale til saman ca. 5,1 millionar kroner til seg sjølv, trass i at pengane var vederlag for sal av selskapet sine aksjar. Han vart òg dømd for å ha gitt skattestyresmaktene uriktige opplysningar, fordi han ikkje opplyste om skattepliktig inntekt (ein gevinst på ca. 4,4 millionar kroner) frå sal av aksjar. Vidare er han dømd for fleire brot på rekneskapslova, fordi han let vere å bokføre sal og oppgjer frå sal av selskapet sine aksjar.

Kontaktperson i Økokrim: Førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 91 64 60 17.