Fengsel for grovt skattesvik

Sist oppdatert 10.03.2009

I ei Økokrim-sak har Follo tingrett dømd ein mann til eitt års fengsel for grovt skattesvik.

Mannen førde ikkje opp skattbar inntekt på over tre millionar kroner i sjølvmeldinga for inntektsåret 2002. Han lura dermed unna skatt for nær éin million kroner. Tidlegare er ein annan mann dømd til ni månaders fengsel i same sakskompleks. Han fekk tre månader mindre straff fordi han hadde tilstått tilhøva. Dette syner at retten legg stor vekt på tilståingar.

Kontaktperson i Økokrim: Politiadvokat Marianne Steensen Bender, tlf 902 04 300