Vedtok førelegg for ulovlege terrenginngrep i strandsona ved Kragerø

Sist oppdatert 22.08.2006

I mars 2006 gav ØKOKRIM ein hytteeigar eit førelegg for ulovlege terrenginngrep på ein fritidseigedom i strandsona ved Kragerø. No har hytteeigaren vedteke førelegget på 200 000 kroner.

Utan å søkje kommunale styresmakter om løyve let hytteeigaren entreprenørar mellom anna hogge ned tre, rive opp trerøter og fjerne det naturlege vegetasjonsdekket og jordmassar i eit område på ca. 700 kvadratmeter. Området blei jamna ut og dekt med grasplen.

Førelegget gjeld brot
plan- og bygningslova § 110, jf. § 93,og viser at bøtenivået i saker som gjeld denne typen brotsverk er blitt høgare dei siste åra.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Henrik Horn, tlf. 916 84 157.