Utskrift
-
Abonner
Det var ved ei kraftutbygging i Sør-Trøndelag i 2006 - 2007 at den som eig og er dagleg leiar i selskapet som sto for utbygginga bygde ei 1400 meter lang røyrgate frå det regulerte vatnet og ned til fjorden. I konsesjonen var det bestemt at vatnet skulle førast i tunnel gjennom fjellet. Tunnelløysinga ville berre vore synleg ved inntak og uttak, mens røyrgata gjorde eit omfattande inngrep i terrenget. Det dreier seg mellom anna om irreversible inngrep som sprenging og om hogst og graving som det vil ta lang tid å lækje. Bredda på røyrgata er 20 - 45 meter.
Medtiltalte, byggjeleiaren, blei frifunnen.
Økokrim ser alvorleg på lovbrot som inneber omfattande og synlege inngrep i naturen.
Dette er fyrste sak av denne typen etter vatnressurslova.
Saka blei meld av Noregs vassdrags- og energidirektorat i juli 2008.
Økokrim har anka saka.
Kontaktperson i Økokrim: politiadvokat Aud Slettemoen, tlf. 488 87 972