Skjerpa straff i Sponsor Service-saka

Sist oppdatert 26.09.2007

Den tidlegare konsernsjefen og den tidlegare økonomidirektøren i Sponsor Service er av Borgarting lagmannsrett dømde til høvesvis 4 1/2 og 1 år i fengsel.


Fengselsstraffa er utan vilkår. I tillegg er den tidlegare konsernsjefen frådømd retten til å drive forretningsverksemd i fem år og må tole inndraging av ytterlegare 800 000 kroner. Begge er dømde for mellom anna grove bedrageri, investorbedrageri og grove brot på rekneskapslova.

Den tidlegarekonsernsjefen ogden tidlegare økonomidirektøren blei i fjor dømde til fengselsstraff på fem og eitt år (9 månader på vilkår) av Oslo tingrett.Dei bleidømde for å ha manipulert rekneskapen ved at dei mellom anna hadde inntektsført kontraktar som ikkje var reelle, og sett eigedelar i selskapet for høgt. Dette førde til at rekneskapen viste eitfor godtresultat og einoppskrytt balanse.

Dei blei dømde for at dei fleire gonger hadde lagt fram urett selskapsinformasjon då dei skulle ta opp lån i Nordea Bank Norge ASA. Dermed fekk dei på vegner av Sponsor Service ASA lån/kredittar på til saman 350 millionar kroner. Mellom anna viste rekneskapane, prognosane og budsjetter til selskapet eit betre resultat enn det som var reelt.

Den tidlegare konsernsjefen er òg dømd for bedrageri mot ei rekkje investorar i samband med at investorane skulle garantere for ein retta emisjon i Sponsor Service ASA. Investorane fekk presentert urett informasjon om den økonomiske stoda i Sponsor Service ASA. Begge blei dømde for å ha gitt uriktige opplysningar til investorar i samband medein tidlegareretta emisjon.

I lagmannsretten vart dei og dømde for utruskap, ved at dei tok ut bonusar utan at det var grunnlag for det i rekneskapane.

Økokrim er nøgde med dommen når det gjeld skuldspørsmålet, då den tidlegare konsernsjefen no er domfelt for samtlege 12 tiltalepostar. Økokrim er og nøgd med at straffa for den tidlegare finansdirektøren er skjerpa, slik at heile straffa no er utan vilkår. Økokrim er og nøgd med at lagmannsretten har teke påtalemaktas krav om inndraging og tap av retten til å drive forretningsverksemd til følgje.

Økokrim har ikkje teke stilling til spørsmålet omstraffutmålinga skal ankast.

Kontaktperson i Økokrim: førstestatsadvokat Gunnar Holm Ringen, tlf. 957 39 911.