Dom i sak om unndraging av el-avgift

Sist oppdatert 16.11.2005

I ei ØKOKRIM-sak i Bergen er ein mann dømd og ein frifunnen. Saka gjeld unndraging av avgift på elektrisk kraft.

Mannen som vart dømd for brot på lov om særavgifter § 2 andre ledd, var dagleg leiar i eit kraftselskap. Mannen som vart frifunnen, var styreleiar i det same selskapet. Dei to var tiltalte for å ha teke imot avgiftsbeløp frå kundane sine, men latt vere å betale inn avgifta til tolldistriktet. Pengane gjekk i staden til drift av kraftselskapet.

Mannen som vart dømd, fekk eitt og eit halvt års fengsel på vilkår. I tillegg må han betale sakskostnader.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf. 916 46 005.