• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tiltala for bedrageri på 70 millionar kroner

Sist oppdatert 17.09.2007

Økokrim har reist tiltale mot ein 50 år gammal nordmann for grove bedragerier på over 70 millionar kroner. I perioden 1999 til 2004 skal mannen ha narra 11 personar i Sveits og Noreg til å investere i fiktive eller ikkje gjennomførlege avtaler.

Mannen blei i juni i år dømd for tilsvarande bedrageri og soner nå straffen på seks år i Oslo fengsel. Han blei og dømd for påverknad av vitner i straffesak, og er for alltid frådømd retten til å drive forretningsverksemd. I tillegg blei han dømd til å betale erstatning på ca 20 millionar kroner.

Kontaktperson i Økokrim: Statsadvokat Geir Kavlie, tlf 41 02 45 92