Fengsel utan vilkår for mangelfull revisjon

Sist oppdatert 14.06.2005

Ein mann som var revisor for fleire av Trond Kristoffersen og Torgeir Stensrud sine selskap, vart i Asker og Bærum tingrett den 7. juni dømd til fengsel utan vilkår i 36 dagar for mangelfull revisjon.

Revisoren vart dømd for brot på revisorlova. Mellom anna hadde han levert rein revisjonsmelding for selskapa utan å ha utarbeidd arbeidspapir som fortel korleis revisjonen er utførd og trass i at samanhangen mellom rekneskapet og vedlegget ikkje kunne etterprøvast på grunn av manglande/ufullstendige leietekstar eller underdokumentasjon.

Retten meiner at revisoren handla i strid med god revisjonsskikk. Det dreier seg om brotsverk i tre selskap over fleire år. ”Revisors handlinger og unnlatelser må samlet sett anses som grove”, heiter det i dommen.

Ved straffeutmålinga viser retten til at det av allmennpreventive grunnar er naudsynt å reagere strengt når revisor ikkje oppfyller pliktene sine.

Det er første gong nokon har fått fengselsstraff utan vilkår for mangelfull revisjon.

Kontaktperson i ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Morten Eriksen, tlf. 916 46 003