Tidlegare advokat tiltalt for underslag av millionbeløp

Sist oppdatert 12.07.2005

ØKOKRIM har tiltalt ein tidlegare advokat for grovt underslag og bedrageri. Som advokat skal han ha underslått klientmidlar for fleire millionar kroner.

Ifølgje tiltalen skal advokaten ha underslått klientmidlar som han var sett til å forvalte. Frå klientkontoar skal han ha teke ut til saman ca. 12 millionar kroner til andre føremål, sjølv om pengane var tiltrudd han for at han skulle forvalte dei.

I tillegg er den tidlegare advokaten tiltalt for investeringsbedrageri. Han skal ha lokka fleire personar i USA til å investere store beløp mot lovnad om sikker avkastning. Investeringsprogrammet var ikkje reelt og kunne ikkje gjennomførast. Dermed blei investorane påført tap eller utsett for fare for tap.

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf. 916 46 005.