Utvida dom for kulturminnekriminalitet

Sist oppdatert 02.02.2010

I ei ØKOKRIM-sak har Eidsivating lagmannsrett dømt tre menn til fengsel og bot for sal av mellom anna freda skatoll og framskap på Koppang i Østerdalen. Dommen omfattar fleire delar av inventaret enn tingretten sin dom gjorde.

Seljaren av møblane blei dømt til fengsel i tretti dagar og ei bot på 20 000 kroner for brot på kulturminnelova. Kjøparen og antikvitetshandlaren som formidla salet er begge dømt til tjueein dagar i fengsel for uaktsamt heleri og ei bot på 20 000 kroner kvar. Straffa ville ha vore ubetinga fengsel for alle tre om ikkje saka var fire og eit halvt år gamal. 

Kjøpet fann stad i 2005. Møblane, mellom anna eit framskap, plasserte kjøparen på si hytte i Trysil. Møblane stod i ei såkalla barfrøstue frå 1809, som blei freda i 1923. På 1920-talet blei fleire hundre bygningar freda etter at bygningsfredingslova kom i 1920. Den blei avløyst av kulturminnelova i 1978. Saka syner at det er viktig å undersøkje grundig om handlinga er lovleg når ein ønskjer å fjerna og kjøpe gamalt inventar.

Kontaktperson i ØKOKRIM:politiadvokat Tarjei Istad, tlf 996 24 976.