Fekk tilleggsskatt og straff

Sist oppdatert 19.01.2006

I ei ØKOKRIM-sak er ein innehavar av eit enkeltmannsføretak dømd til fengsel i eitt år for mellom anna grovt skattesvik, trass i at han tidlegare har fått ordinær tilleggsskatt for det same forholdet. Åtte månader av straffa er på vilkår. I tillegg vart han frådømd retten til å drive sjølvstendig næringsverksemd i fem år.

I ein tidlegare dom har Høgsterett lagt til grunn at ordinær tilleggsskatt og påfølgjande straff er ulovleg etter den europeiske menneskerettskonvensjonen. Oslo tingrett har i sin dom sett til sides denne fråsegna i den norske høgsterettsdommen og byggjer i staden på den såkalla Rosenquist-avgjerda i 2004 frå Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Mannen er dømd for rekneskapsforsømmingar i enkeltmannsføretaket han dreiv i perioden 1996-2003. Han leverte heller ikkje sjølvmelding for inntektsåra 1996-2001. Vidare leverte han forseinka sjølvmelding og let vere å opplyse om inntekter for inntektsåret 2002.

Saka vart avdekka av Oslo likningskontor.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Helge Berg, tlf. 916 46 009.