Fengselstraff for bedrageri og feilinformasjon til investorar

Sist oppdatert 07.07.2006

Ein sjølvstendig næringsdrivande er i Oslo tingrett dømd til fengsel i to år for brot på straffelova § 270, jf. § 271 (grove bedrageri). Åtte månader av straffa er utan vilkår.

I perioden 1997-2000 dreiv mannen med investeringar i opsjonar og andre finansielle instrument på eigne og andre investorar sine vegner. Samtidig som investorane sine innskot på til saman 12 millionar kroner etter kvart blei tapte i spekulasjonar, gav mannen dei regelmessig informasjon om at forvaltinga utvikla seg positivt.

Dommen er rettskraftig. 

Kontaktperson i ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Trond Eirik Schea, tlf. 916 46 006.