• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Bot på 1,2 millioner kroner for forureining

Sist oppdatert 26.04.2007

Borgarting lagmannsrett har gjeve verksemda Teknotherm ein bot på 1,2 millioner kroner for brot på forureiningslova. Med det har dei halde oppe tingretten sin dom frå juni 2006. Dommen gjeld utslepp av amoniakk i Sandvikselva i 2005, som førde til at 700 kilo laks og ørret døydde.

Teknotherm må og betala 164.000 kroner i skadebot til Bærum kommune og 40 000 kroner i sakskostnad. Mannen som tømde ut gifta blei av tingretten dømd til fengsel i 45 dagar, 15 000 kroner i bot og 315 000 kroner i skadebot.

Kontaktperson i Økokrim: Politiadvokat Thomas Skjelbred, tlf 91 59 53 76