• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Leiar i hjelpeorganisasjon tiltala for skattesvik

Sist oppdatert 26.05.2008

Økokrim har tiltala generalsekretæren i ein internasjonal organisasjon for skattesvik på ca ein million kroner.

Mannen skal ha motteke pengane frå ein bankkonto i Credit Suisse som høyrde til organisasjonen. Han opplyste ikkje om desse pengane i sjølvmeldinga.

Saka skal gå i Oslo tingrett i juni.

Kontaktperson i Økokrim: Politiadvokat Anne G. Allum, tlf 415 38 395.