Frifunnen for grovt skattesvik
Sist oppdatert 08/04/2010
Ein 54 år gammal mann er i Oslo tingrett frifunnen for tiltale om grovt skattesvik.
Mannen var tiltalt for ikkje å ha opplyst om skattepliktig vinst ved sal av aksjar. Saka er ein del av eit større sakskompleks der ein rekke personar tidlegare er dømd til lengre fengselsstraffar for å unndra aksjevinstar gjennom selskap i skatteparadis.
Kontaktperson i ØKOKRIM: Førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.