Fengsel og bot for kulturminnekriminalitet

Sist oppdatert 16.04.2009

I ei Økokrim-sak har Nord-Østerdal tingrett dømd to menn til fengsel og ilagt ein tredje bot for sal av mellom anna freda skatoll og framskap på Koppang i Østerdalen i 2005. Møblane plasserte kjøparen på si hytte i Trysil. Ein antikvitetshandlar blei dømd til å tole inndraging av 110 000 kroner og møblane vart inndregne frå kjøparen.

Seljaren av møblane blei dømd til fengsel i tretti dagar for brot på kulturminnelova. Kjøparen og antikvitetshandlaren som formidla salet er begge dømd for uaktsomt heleri. Antikvitetshandlaren fekk fjorten dagar i fengsel, medan kjøparen fekk ei bot på 30 000 kroner.

Møblane, mellom anna eit framskap, sto i ein såkalla barfrøstue frå ca 1790, som blei freda i 1923. På 1920-talet blei fleire hundre bygningar freda etter at bygningsfredningslova kom i 1920. Den blei avløyst av kulturminnelova i 1978. Saka syner at det er viktig å undersøkje grundig om handlinga er lovleg når ein ønskjer å fjerna og kjøpe gamalt inventar.

Det var Riksantikvaren som meldte saka, etter at dei ble klar over salet etter ei inspisering i 2007.

Kontaktperson i Økokrim: Politiadvokat Tarjei Istad, tlf 996 24976