Revisormedarbeidar dømd til fengsel på vilkår i 45 dagar og bot på 200 000 kroner.

Sist oppdatert 19.05.2010

Borgarting lagmannsrett har dømd ein revisormedarbeidar til fengsel på vilkår i 45 dagar og til å betale ein bot på 200 000 kroner. Den dømde deltok i revisjonen av rekneskapane til Sponsor Service ASA i 2000 og 2001. Selskapet hadde manipulert rekneskapane slik at dei viste for gode tall, utan at revisor avdekka dette.

ØKOKRIM reiste tiltale mot ansvarleg partner og ein medarbeidar på revisjonsteamet for brot på revisorlova og rekneskapslova. Medarbeidaren blei, som i tingretten, dømd for grovt aktlaus brot på revisorlova. Lagmannsretten uttala mellom anna at det lå føre seg ein nær total svikt i revisjonsarbeidet. Revisormedarbeidaren blei frifunnen for medverknad til brot på rekneskapslova i tingretten og i lagmannsretten.
 
Dommen er ikkje rettskraftig.
 
Saken mot ansvarleg partner kjem opp seinare for lagmannsretten.
 
Kontaktperson i ØKOKRIM: statsadvokat Bård Thorsen tlf. 414 54 172.