Fengsel for grovt skattesvik

Sist oppdatert 12.10.2009

I ei Økokrim-sak har Oslo tingrett dømt ein mann til eitt års fengsel for grovt skattesvik.

Mannen førde ikkje opp skattbar inntekt på over fire millionar kroner i sjølvmeldinga for inntektsåret 2001 og eller 2002. Han starta selskap i eit lågskatteland for å skjule den skattepliktige vinsten og lurde dermed unna skatt for over ein million kronar.

Mannen fekk lågare straff enn han elles ville fått fordi han tilstod tilhøva. Tidlegare er to andre dømt til høvesvis ni månader i fengsel og eitt år i fengsel i same sakskompleks. Ein av desse fekk og lågare straff fordi han tilstod tilhøva. Dette syner at retten legg stor vekt på tilståingar.

Saka er og eit døme på at politiet og skatteetaten gjorde ei samtidig forfølging av det straffbare tilhøvet.

Kontaktperson i Økokrim: Politiadvokat Trude Stanghelle, tlf. 928 06 758