Dømd for grov utruskap

Sist oppdatert 25.08.2006

I ei ØKOKRIM-sak er ein mann dømd til to år i fengsel (seks månader av straffa er på vilkår) for grov utruskap og brot på likningslova og rekneskapslova.

I tillegg omfattar dommen inndraging av ca. 3,7 millionar kroner og 25 000 kroner i sakskostnader.

 

Mannen har vore dagleg leiar og styreformann i eit aksjeselskap. Han vart dømd av di han i perioden 2001-2003 sytte for å overføre og/eller utbetale til saman ca. 5,1 millionar kroner til seg sjølv, trass i at pengane var vederlag for sal av selskapet sine aksjar. Han vart òg dømd for å ha gitt skattestyresmaktene uriktige opplysningar, av di han ikkje opplyste om skattepliktig inntekt (ein gevinst på ca. 4,4 millionar kroner) frå sal av aksjar. Vidare er han dømd for fleire brot på rekneskapslova, av di han let vere å bokføre sal og oppgjer frå sal av selskapet sine aksjar.

 

Kontaktperson i ØKOKRIM: førstestatsadvokat Petter Nordeng, tlf. 916 46 017.