• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Førelegg for uforsvarleg lagring av spesialavfall

Sist oppdatert 02.12.2005

I ei ØKOKRIM-sak har ei bedrift og ein person fått førelegg på 350 000 kroner og 90 000 kroner for brot på forureiningslova.

Den 10. november skreiv ØKOKRIM ut eit førelegg på 350 000 kroner mot ei treimpregneringsbedrift på Sørlandet og eit førelegg på 90 000 kroner mot hovudaksjonæren i selskapet for fleire brot på forureiningslova. Bedrifta hadde over ein lengre periode oppbevart fleire dårleg emballerte fat og containarar med spesialavfall. Dei inneheldt mellom anna tungmetallet koppar og oljehaldig væske i fleire opne 1000-liters containarar som i heile eller delar av perioden sto heilt eller delvis uskjerma for nedbør og utan tilfredsstillande fast dekke. I tillegg vart andre ulike typar spesialavfall lagra på bedriftsområdet, og ca. 500 kg oske som inneheldt krom, koppar og arsen låg i opne sekkar inne i ei open bygning. Lagringa skapte fare for miljøskadeleg utslepp til grunn og vatn. Bedrifta hadde òg over fleire år latt vere å levere spesialavfall til godkjent spesialavfallsmottak.

Bedrifta hadde heller ikkje sytt for å kartleggje risikoen for forureining frå verksemda og ikkje sett i verk tiltak for å redusere verknaden av utsleppa på miljøet.

Førelegga er vedtekne.

Kontaktperson i ØKOKRIM: politiadvokat Thomas Skjelbred, tlf. 915 95 376.