• Utskriftsikon
  • Nettstedskart
  • Deleikon

Tidlegare Aetat-tilsette fekk fengsel for korrupsjon

Sist oppdatert 18.06.2009

I ei Økokrim-sak har Borgarting lagmannsrett dømt to tidlegare tilsette i daverande Aetat (no NAV) til fengsel i høvesvis to år og tre månader og to år for korrupsjon. Dermed er frifinninga til tingretten av den eine tiltalte oppheva og fengselsstraffa for det andre skjerpa.

Begge må i tillegg tole inndraging på rundt ein million kroner kvar, i tråd med Økokrim si påstand.

Dei dømde hadde ansvaret for å rekruttere utanlandsk helsepersonell og mottok 2,7 millionar kroner i samband med språkopplæring av finske sjukepleiarar. I følgje avtalen om språkopplæring skulle overskotet av språkopplæringa fordelast mellom dei to tiltalte og den finske avtalepartnaren.

I domen heiter det at ”allmennpreventive hensyn i særlig grad slår inn i saker som dette der oppdagingsrisikoen er små og de samfunnsmessige skadene store. Det dreier seg her om store beløp som er mottatt og forholdet pågikk over flere år”.

Kontaktperson i Økokrim: Førstestatsadvokat Arnt Angell, tlf 916 46 005