Banksjef fekk fengsel i sju månader for mellom anna å ha motteke stikkpengar

Sist oppdatert 26.02.2008

I ei Økokrimsak er den hovudtiltala av Bergen tingrett dømd til sju månader i fengsel, 1, 7 millionar kroner i erstatning og 150 000 kroner i inndraging. Straffen samsvarar med Økokrim sitt krav. Den andre tiltala blei dømd til inndraging av 50 000 kroner for å ha motteke stikkpengar.

Den hovudtiltala, ein tidlegare assisterande banksjef på Vestlandet, mottok i 1999 150 000 kroner frå ein av banken sine kundar. Dette blei halde skjult for banken. Han skal og ha frigjord ca 1,5 millionar kroner for å innfri den same kunden sitt lån i banken. Den medtiltala, ein tidlegare tilsett i ei bank i Rogaland, blei dømd for å ha motteke 50 000 kroner då han var i Luxembourg. Betalinga blei halde skjult for banken.

Den hovudtiltala anka domen på staden, medan den andre tok omtenkingstid.
 
Kontaktperson i Økokrim: førstestatsadvokat Anna Haugmoen Karlsen, tlf 952 96 049.