Fengsel for kvikksølvutslepp

Tidlegare dagleg leiar og styreleiar i Eras Metal AS (Eras) vart i september 2011 i Fjordane tingrett dømt til fengsel i 21 og 30 dagar for brot på forureiningslova. Retten fann at dei to over ein periode på 8 månader hadde latt verksemda sleppe ut 30 gonger meir kvikksølv gjennom fabrikkpipa enn tillat. Dagleg leiar vedtok dommen, men styreleiaren har anka. Eras er tidlegare bøtelagt for same forholdet, og bota på 1,5 millionar kroner er vedtatt. Saka er eit døme på korleis mellom anna økonomiske vanskar kan medføre at miljøet vert salderingspost i ei «miljøbedrift».

Tekst: politiadvokat Jørn-Lasse Refsnes, Sogn og fjordane politidistrikt. Foto: Politiet.

Eras utenfor
Utslippene fra ERAS har dessverre bidratt til den totale belastningen som kvikksølv utgjør for livet på jorda.

Eras held til sentralt i bygda Høyanger i Høyanger kommune, som ligg ved nordsida av Sognefjorden i Ytre Sogn. Høyanger er ein industrikommune, kor ikkje minst Hydro sitt aluminiumsverk er og har vore ei hjørnesteinsbedrift sidan den vart starta opp i 1918. Eras sine lokalar høyrde tidlegare til Hydro sitt smelteverk. Eras var i den aktuelle perioden eit dotterselskap av ScanArc ASA (ScanArc).

Eras si verksemd går ut på å attvinne sinkoksid frå såkalla «raudstøv» ved hjelp av avansert smelteteknologi. Raudstøv er eit avfallsprodukt frå den sekundære stålindustrien, og har eit sinkinnhald på 30–40 %. Slik attvinning er såleis i utgangspunktet ønskeleg i eit miljøperspektiv. Raudstøvet inneheld også miljøskadelege stoff som kvikksølv og flussyre, og er å rekne som farleg avfall.

Den tiltalte styreleiaren i Eras var ein av gründarane av verksemda, og hadde tidlegare vore dagleg leiar. Når utsleppa skjedde var han dagleg leiar i morselskapet ScanArc. Den daglege leiaren i Eras vart tilsett i 2007, og hadde frå før brei røynsle som industrileiar for ulike verksemder andre stader i landet.

 

Eras sine eigne målingar

Eras sleit av ulike grunnar med å få til lønsam drift, og verksemda gjekk med store underskot. Dagleg leiar opplevde situasjonen som krevjande, med stort arbeidspress og stadige driftsvanskar. Dessutan var HMS-leiaren i permisjon, og dagleg leiar tok i tillegg til dei andre oppgåvene han hadde også på seg det rapporteringsansvaret som låg til HMS-leiarfunksjonen. Resultatet var at kontroll med miljøutslepp og rapportering vart nedprioritert. Eit reinseanlegg for kvikksølv var i bestilling, men dette var ikkje venta å kome på plass før våren 2009.

Røyken frå ERAS stig opp til høgre
På bilete får du inntrykk av kor nær Eras si verksemd ligg frå sentrum – røyken frå ERAS stig opp til høgre.

Konsesjonen frå miljøstyresmaktene gav Eras løyve til å sleppe ut inntil 1 kilo kvikksølv til luft per år. Eras gjennomførte kontrollmålingar av produksjonsgassen frå skorsteinen to gonger i året, og målingane og analysane vart gjort av eit akkreditert laboratorium – Hardanger Miljøsenter AS. Målerapporten for juni 2008, som leiinga mottok og vart kjend med, synte utslepp av kvikksølv tilsvarande 55 kilo per år. Leiinga festa ikkje lit til resultatet, og tinga ein ny rapport. Produksjonen heldt fram som før. Rapporten for september synte utslepp tilsvarande 30 kilo per år. Heller ikkje desse opplysningane gav leiinga grunn til å setje i verk tiltak mot utsleppa, og produksjonen heldt fram. Neste måling vart gjort i desember, som ein del av det ordinære måleprogrammet. Analysane synte då utslepp tilsvarande 7,5 kilo kvikksølv per år.

SFT (no Klima- og forureiningsdirektoratet) hadde i denne perioden kontakt med den daglege leiaren. Bakgrunnen var at ein etter ein tidlegare inspeksjon visste at utsleppstala var usikre. Eras hadde fått ein frist på seg til å dokumentere at konsesjonsvilkåra vart haldne, men SFT fekk ikkje dei svara dei hadde bedt om. Etter fleire purringar møtte SFT opp for inspeksjon i Høyanger i februar 2009 for å kontrollere om Eras hadde kontroll på utsleppa. Dei fekk då overlevert dei tre analyserapportane som viste utslepp av kvikksølv som skildra over. I tillegg viste rapportane for store utslepp av flussyre. Verksemda hadde lov til å sleppe ut 50 kilo per år, men kontrollmålingane synte 500 kilo og 230 kilo per år. Når SFT vart kjend med innhaldet i rapportane vart Eras straks pålagt å stanse verksemda.

Opplysningane om utsleppa vakte sterke reaksjonar i lokalsamfunnet, ikkje minst fordi Eras si verksemd er lokalisert nærme eit bustadområde i Høyanger. Eras hadde også nyleg vorte bøtelagt for eit utslepp større utslepp av bly til fjorden. Det er i ettertid ikkje påvist konkret miljøskade eller helseskadeleg innhald av kvikksølv i nærområdet.

SFT melde Eras Metal AS til politiet i Sogn og Fjordane, og saka vart etterforska ved Høyanger lensmannskontor. Politiet fekk verdifull hjelp under etterforskinga av biolog Joachim Schjolden ved ØKOKRIM sitt miljøteam. At Schjolden også var til stades som påtalemakta sitt sakkunnige vitne under rettssaka, var avgjerande for resultatet.

Tiltalen mot dei to leiarane gjaldt brot på forbodet mot å forureine, og under skjerpande omstende, jamfør forureiningslova § 78 andre ledd første straffalternativ, jamfør første ledd bokstav a, jamfør § 7 første ledd. I tillegg vart dei tiltala for brot på internkontrollforskrifta.

 

Kor store var utsleppa?

Inne på Eras
ERAS hadde ikke installert renseteknologi for kvikksølv. Kvikksølvet som ERAS fikk levert ble derfor sluppet ut i luften.

Omfanget av utsleppet er etter rettspraksis eit sentralt straffutmålingsmoment. Under rettssaka var for det for det første eit tema om det var grunn til å feste lit til måleresultata frå Hardanger Miljøsenter. Hadde dei tiltalte plausibel grunn til å tvile på desse? Mellom anna kom det fram under rettssaka at dei aktuelle målinga ikkje var utført heilt slik den godkjende standarden (EN-13211) føresette. Dette gjaldt særleg temperatur- og fuktforhold under prøvetakinga. Dette var ikkje kunnskap ein hadde før i 2011. Kva for konsekvensar manglane hadde for kor pålitelege resultata var kunne ein ikkje seie noko sikkert om, og heller ikkje Hardanger Miljøsenter AS hadde vore klar over dette forholdet.

Ein hadde likevel annan informasjon å byggje på. Eras hadde også stikkprøveanalysar av kvikksølvinnhaldet i det råstoffet (raudstøvet) som var prosessert i perioden. Desse hadde vore tilgjengelege for leiinga. Også desse målingane synte langt høgare kvikksølvverdiar enn det som var tillat. Då det ikkje var installert kvikksølvfilter gjekk cirka 99 % av kvikksølvet rett ut gjennom pipa. Råstoffet gav difor ein god indikasjon på utsleppa. Retten kunne såleis på bakgrunn av desse måleresultata leggje til grunn at det vart slept ut kvikksølv tilsvarande 30 kilo per år.

I tillegg var ei sentral problemstilling kva som vart gitt av informasjon internt i selskapet om utsleppa, og korleis kommunikasjonen med SFT hadde vore. Var dei to tiltalte rette ansvarssubjekt? Det vart mellom anna hevda at ein hadde oppfatta å få aksept frå SFT til å halde fram produksjonen inntil det bestilte kvikksølvfilteret skulle monterast. Under etterforskinga vart det henta inn styreprotokollar, HMS-rapportar og dagleg leiar sine rapportar til styret («CEO-reports») for å kaste lys over desse spørsmåla. I tillegg vart tilsette og styremedlemmer avhøyrt. Samla sett gav bevisa eit klart inntrykk av at ein ikkje hadde tatt måleresultata på alvor, og at fokuset hadde vore på den økonomiske situasjonen og utfordringar med produksjonsutstyret. Slik situasjonen var ville full produksjonsstans inntil reinseanlegget vart montert vere det einaste effektive tiltaket mot dei ulovlege utsleppa.

 

«Fare for forurensning» – krav om konkret fare?

Eit særleg spørsmål som ikkje kan sjåast å vere løyst i rettspraksis er om det er straffbart å ikkje reagere på «falsk alarm». Bakgrunnen for at spørsmålet kom på spissen var at ein ikkje hadde sikre målingar for utsleppa av flussyre, jamfør problema skildra over knytt til den standarden som var nytta. Når det gjaldt kvikksølv hadde verksemda gjort målingar av innhaldet i råstoffet, og ein kunne difor byggje på desse. Tilsvarande målingar fanst ikkje for flussyre, og slik bevisa var kunne ein ikkje seie noko sikkert om kor store utsleppa hadde vore. Ein visste ikkje kva for følgjer manglane ved analysane hadde, og retten la til grunn at det ikkje var ført «tilstrekkelig bevis for at ulovlig utslipp har funnet sted». Etter mi meining var det likevel grunnlag for å dømme for denne delen av tiltalen. Det straffbare etter forureiningslova er å ikkje reagere på ei «fare for» forureining. Spørsmålet må då etter mi meining vere om dei ytre omstenda på gjerningstidpunktet tilsa ein reaksjon på dei aktuelle faresignala. Det kan ikkje vere avgjerande om det i ettertid ikkje let seg fastslå om signala varsla om ei reell fare. Då Eras vart kjend med måleresultata frå Hardanger miljøsenter hadde ein ikkje kunnskap om manglane ved analysane. Ein hadde ikkje konkrete haldepunkt for at det var noko feil med målingane. Likevel vart det ikkje sett i verk tiltak. Både omsynet til ei effektiv handheving av forbodet mot å forureine og det sentrale miljørettslege «føre var»-prinsippet tilseier då ei handleplikt. SFT måtte til dømes i denne situasjonen kunne ha pålagt Eras å setje i verk tiltak med heimel i forureiningslova § 7 andre ledd. Retten kom likevel til at det ikkje var ført bevis for at det låg føre «fare for» forureining med flussyre.

 

Føretaksstraff – bot på 1,5 millionar

Følbare bøter er eit viktig verkemiddel i kampen mot miljøkriminalitet frå industriverksemder. Norzink i Odda fekk i 2001 et førelegg av ØKOKRIM på 4 millionar kroner for utslepp av 40 kilo kvikksølv til Sørfjorden. Førelegget vart vedtatt. I 2007 godtok Alexela Sløvåg AS ei bot på 2 millionar kroner for brot på forureiningslova, arbeidsmiljølova og brann- og eksplosjonsvernlova (Vest Tank-saka). I Rt 2007 side 1684 vart Teknotherm AS dømt til å betale ei bot på 1,2 millionar kroner for eitt enkelt utslepp av ammoniakk til ei elv som medførte fiskedød, samt manglande internkontroll.

Den skal leggjast vekt på den sikta sin økonomiske situasjon når bot skal utmålast. Eras gjekk med store underskot, hadde låg eigenkapital og var avhengig av bidrag frå morselskapet for å kunne drive. Isolert sett ville ei monaleg bot kunne ruinere selskapet, og dette var ikkje eit mål for påtalemakta. På den andre sida hadde morselskapet solid økonomi. Dette vart vektlagt, slik det er opna for i Rt 1992 side 19. Ikkje minst fordi det var så tette band mellom dei to selskapa. I tillegg la ein i denne saka også vekt på at det også vart reagert med tiltale mot leiarane. Den samla straffereaksjonen var såleis ikkje berre den økonomiske reaksjonen mot selskapet.

Styrelederens anke til lagmannsretten er tillatt fremmet. Den behandles i Gulating lagmannsrett høsten 2012. Red.


Sist oppdatert 13/04/2012




PDF av nyeste Miljøkrim: