Kva er ei god melding til politiet?

Kvart år får politiet mange gode meldingar om strafflagde tilhøve frå kontroll- og tilsynsorgan for miljø. Men kva er ei god melding til politiet?

Tekst: Førstestatsadvokat Tarjei Istad, ØKOKRIM  //  tarjei.istad@politiet.no

IllustrasjonsbildeMeldingane frå Kystvakten og Statens naturoppsyn er til dømes gjennomgåande oversiktlege, ryddige og godt funderte. Samstundes diskuterer ein jamt i miljøforaene i distrikta kva saker som bør meldast til politiet, og kva form og innhald desse bør ha. Og mykje kan gjerast betre. I denne artikkelen deler eg nokre tankar om dette. Særleg tek eg for meg meldingar frå offentlege organ, men eg kjem òg inn på meldingar frå private partar.

Kva saker bør ein melde?

Det er umogleg å svare heilt generelt på dette, utover at det er dei grove lovbrota som bør gå i straffesporet. Venteleg vil dei fleste kontrollorgana etter kvart kunne reagere med brotsgebyr mot mindre alvorlege, vanlege lovbrot.

Når eit lovbrot gjentek seg, kan det vere grunn til å melde det, sjølv om det ikkje ville vore naturleg om ein ser det siste lovbrotet heilt for seg sjølv – iallfall om til dømes tida er kort mellom kvart lovbrot.

I nokre høve kan det være grunn til å politimelde ei sak for å «statuere eit eksempel», fordi saka er prinsipiell og/eller lovbrota er mange. Saker der tolkinga av den aktuelle forvaltningslova er usikker, kjem ikkje inn under denne kategorien. Straffesaker er sjeldan den rette arenaen for å prøve ut slike spørsmål. At den private parten er ueinig i korleis styringsorganet har tolka loven, inneber ikkje dermed at tolkinga er usikker – då må ein vurdere om innvendingane rettsleg sett har noko for seg.

Stundom blir eg kontakta av tilsette i det offentlege som vil selge inn «ei spanande og viktig sak som vi har jobba med i mange år». Nokre gonger er det slik, men ofte gjeld dette gamle problemsaker der den offentlege og den private parten står steilt mot kvarandre, og der styringsorganet ønskjer å få saka over i eit anna spor. Løysinga i slike saker er sjeldan å melde ho til politiet, og ofte er sakene strafferettsleg forelda.

Når ein først melder ei sak til politiet, tenker mange at det kan vere greitt å ta med små og store lovbrot opp gjennom åra. Men det ønsker ikkje politiet. Vi sorterer normalt ut dei mindre brotsverka, og det gjer det lettare for oss om styringsorganet allereie har gjort det.

Nokre tilsynsorgan melder ofte saker til politiet, andre sjeldan eller aldri. Dette varierer innafor same saksfelt, til dømes spriker praksisen i plan- og bygningssaker, og det går i bølgjer. Men det ser ut til at fylkeskommunane har auka talet på meldingar om kulturminnebrot dei seinare åra. Mitt inntrykk er at interne instruksar, føresegn og handbøker fører til gode meldingar, fleire meldingar og ein meir heilskapeleg praksis for melding av lovbrot til politiet. For rettstryggleiken er det siste viktig.

Når skal ei sak meldast til politiet?

Det viktigaste er at kontrollorganet sikrer bevis i høve til sine heimlar så snart det får kjennskap til eit mogleg lovbrot. I forureiningssaker vil det til dømes bety å sikre relevante prøvar. Ofte bør ein kople inn politiet tidleg og før saka formelt blir meld. Då får politiet høve til å vurdere om det er grunn til å rykke ut av eige tiltak.

Politidistrikta blir oppmoda til å kontakte ØKOKRIM sin biolog og kjemikar for råd tidleg i etterforskinga i saker der det er relevant.

Når det er klart at det finns grunnlag for å melde ei sak, bør det skje raskt. Stundom kan det vere grunn til å melde saka før alt er klarlagt, til dømes hvis ein venter på ein rapport om følgjene av eit utslipp som ein utan omsyn til saka vurderer som alvorleg. Etterforskinga får alltid ein dårleg start om det har gått lang tid sidan det mogleg strafflagde tilhøvet skjedde.

Offentleg innsyn?

Når ei sak blir meld til politiet, bør ein alltid unnta saka frå offentleg innsyn i medhold av offentleglova § 24 andre ledd andre punktum. Sjølv om den private parten er vel kjend med at tilsynsorganet vurderer å melde saka, viser erfaringa at faren for bevistap aukar når saka faktisk blir meld. Eg skjønar dei tilsynsorgana som ønsker offentleg merksemd rundt saker dei har avdekt, men då må ein heller sørge for dette ved at politiet varsler organet når påtalespørsmålet er avgjort, slik at tilsynsorganet då kan gå ut i mediene på høveleg vis.

Ein del miljøvernorganisasjonar ser ut til å operere med to ulike former for politimeldingar:

  • ei kort og kraftig formulert melding på eit tidleg stadium, som dei også sender til pressa
  • ei grundig og nyansert melding som dei ikkje sender til pressa

Grovt sagt ønsker politiet kun den siste typen. Dersom ein ønsker å markere eit standpunkt i det offentlege rom, bør dette gjerast på ein annan måte enn ved å gå til eit så alvorleg steg som å melde saka til politiet på eit grunnlag som ikkje er godt nok utgreidt.

Innhaldet i meldinga I: Fakta i saka – objektive straffleggingsvilkår.

Hoveddelen i ei lovbrotmelding er ei utgreiing av dei faktiske omstenda sett i samanhang med det aktuelle regelverket, slik at politiet får eit bilete av faktum og jussen som dei kan jobbe ut frå. Når tilsynsorganet skriv denne utgreiinga bør dei ha som utgangspunkt at deira spesialområde er heilt ukjent stoff for juristar og etterforskarar i politiet.

Utgreiinga bør vere skriven kronologisk, i ei nøktern form, der ein i teksten viser til dei aktuelle bevisa som vedlegg (som i ei sivil stemning). Vedlegg kan eksempelvis vere:

  • offentleg løyve
  • inspeksjons-/utrykningsrapport
  • varsel/pålegg
  • e-post
  • notat frå telefonsamtale
  • utgreiing frå den melde
  • annan korrespondanse med den eller dei melde
  • bilete, film
  • kart
  • analysar av prøvar, ei oversikt over kva prøvar som er tekne, eller liknande
  • sakkunnigrapportar

I tillegg løner deg seg å ramse opp så konkret som mogleg personane som har vore involverte, med kontaktinformasjon. Politiet ønsker konkrete haldepunkt for den vidare etterforskinga: kvem bør ein avhøyre (og om kva), kvar kan ein sikre andre bevis, og så vidare.

Innhaldet i meldinga II: Vurdering av dei subjektive straffleggingsvilkåra.

Gode grunnar talar etter mitt syn for at kontrollorgana i meldinga bør vere varsame med å vurdere om det kan vere snakk om subjektiv skuld i saka dei melder, og i så fall kva grad av skuld det kan vere snakk om. Kontrollorganet skal først og fremst sjå om det har skjedd brot mot regelverket det er sett til å handheve, og om brotet er alvorleg. Det er vanskeleg å seie noko forstandig og høveleg godt fundert om subjektiv skuld på grunnlag av ei saksutgreiing som utelukkande tek omsyn til forvaltningsrettslege verkemiddel. Avhøyr er eit viktig grunnlag for å kunne vurdere skuld, og avhøyr er det politiet som tek.

Samstundes kan det vere til hjelp om meldinga nemner moment som politiet bør ta med når skuld skal vurderast, for eksempel:

  • brot på rutinar, standardar, forsvarleg framferd i bransjen og så vidare
  • manglande dokumentasjon på at ein har teke naudsynte vurderingar, eller dokumentasjon på feilvurderingar
  • eventuelle varsel/orienteringar til den melde, og så vidare
  • opplysningar om den melde sitt faglege grunnlag eller mangel på dette

Finns det utsegner, brev, e-postar, notat frå telefonsamtalar (jamfør forvaltningslova § 11d) eller liknande som kan indikere at den melde parten har handla i god tru, bør også dette kome fram. I nokre tilfelle bør dette kanskje leie til at saka ikkje blir meld i det heile.

Men eg ser at denne balansegangen er vanskeleg. Poenget mitt er at meldaren bør halde seg til kun å løfte fram bevis og moment som politiet bør sjå på når dei vurderer dei subjektive straffleggingsvilkåra.

Innhaldet i meldinga III: Inndraging, skadebot, anna regelverk o.l.

I dei tilfella der lovbrotet munnar i vinstar eller innsparingar, bør ein skrive dette i meldinga, for det kan gje grunnlag for inndraging. Det same gjeld for gjenstandar som er nytta i lovbrotet, utan at eg gjer vidare greie for inndraging her.

Meldinga bør opplyse om eventuelle skadebotskrav som er lagde fram som følge av lovbrotet. Om ein kjenner til brot mot anna regelverk enn det regelverket ein sjølv er sett til å handheve, for eksempel om ein kjenner til at andre tilsynsorgan også ser på saka, kan det være gagnleg å opplyse om det. Då kan politiet ta kontakt med andre organ for å sikre at sakene får ei samordna handsaming og ein felles reaksjon.

Meldaren bør ikkje gje forslag om ein passande straffereaksjon. Dette er påtalemakta sitt ansvar.

Det kan derimot vere grunn til å oppmode til andre reaksjonar også, for eksempel rettstap. Påstand om rettstap (og inndraging) kunne godt vore fremja i fleire saker, og det gjer ingenting om politiet og påtalemakta blir utfordra i den retninga i saker der dette eignar seg.

Det same gjeld etterforsking av personar. I mange tilfelle der eit føretak blir meldt til politiet, endar saka kun med eit førelegg til føretaket, sjølv om det truleg har vore grunnlag for reaksjoner også mot ein eller fleire personar. Meldaren har som oppgåve å nemne personane som har hatt ei rolle i lovbrotet, slik at politiet har konkrete haldepunkt for å gå vidare mot aktuelle hovedmenn og medverkarar (leiarar, mellomleiarar, tilsette, innleide konsulentar/rådgjevarar med fleire). Reaksjonar mot personar har etter mitt syn normalt ein større preventiv effekt enn føretaksstraff, og føretaksstraffa skal vere eit supplement til personstraffa, ikkje omvendt.

Kontrollorganet sitt arbeid held fram etter at saka er meld til politiet

Kontrollorganet er ikkje ferdig med saka når den er meld til politiet. Dette får følgjer for korleis meldinga blir skriven, og for rollene politiet og styringsorganet har under etterforskinga og iretteføringa.

Kvart kontrollorgan er ekspert på sine lover og forskrifter. Politiet og påtalemakta er i stor grad generalistar, også vi som spesialiserer oss innafor det breie feltet miljøkriminalitet. Det er slik det er, og eg trur det er eit godt system, og slik kjem det til å halde fram i overskueleg framtid. Derfor må vi i stor grad nytte kontrollorgana til «førebels» utgreiing av kompliserte rettsspørsmål (med det meiner eg at vi sjølvsagt også må gjere sjøvstendige vurderingar). Dette gjeld under etterforskinga, men eg nemner det her òg fordi vi stundom erfarer at dei som melder saker (offentlege og private aktørar), skriv at dei overlet til påtalemakta å greie ut eit kritisk rettsspørsmål nærare. Det er å vente for mykje av oss, og det er alvorleg for den som blir meld for lovbrot, at meldaren ikkje har vurdert alle sidene av lovbrotet skikkeleg. Det kan til sjuaende sist bli alvorleg for meldaren sjølv òg.

Representantar frå kontrollorganet er viktige sakkunnige under etterforskinga og i retten. Av og til høyrer ein at det trengs sakkunnige også frå andre hald fordi retten bør høyre «heilt uavhengige» sakkunnige. Eg meiner vi må halde fast ved at kontrollorgana er like objektive som politiet og påtalemakta, og ikkje gå med på ei utvikling som til ein viss grad er driven fram av forsvararane, der styresmakta blir sett på som ein part med subjektive interesser i utfallet. Både styresmaktene og vi må fortsette å utøve streng objektivitet.

Politiet bør bli flinkare til å ta tak i offentleg saker, særleg når saka er av eit visst omfang og kanskje også reiser nokre vanskelege spørsmål. Når ei slik melding kjem inn, kan det vere gagnleg å ha eit oppstartsmøte med meldaren, og i den vidare etterforskinga bør ein nytte meldaren så langt det er mogleg ut frå rettslege og taktiske omsyn. Dette nemner eg fordi eg ofte høyrer at offentlege organ som melder inn ei sak, kan kjenne seg gløymde etterpå.

Samstundes vil jeg oppmode styresorgana til å vere aktive pådrivarar i slike tilfelle og ta kontakt med politiet. Sjølv om det ikke skal vere naudsynt, kan det vere til det beste for saka, og det er det viktigaste. Politiet har i liten grad plikt til eller tradisjon for å halde meldarar orienterte om etterforskinga. I meldinga bør ein oppnemne minst to kontaktpersonar (med fast- og mobiltelefonnummer og e-postadresse), og meldaren bør be om å bli registrert i politisystemet som fornærma i saka.

Når ei sak meld av eit tilsynsorgan, blir avlyst, blir det ofte gjeve ei kort forklaring på avlysinga, og denne forklaringa må sjølvsagt skrivast slik at ho ikkje kjem i konflikt med uskuldspresumpsjonen. Er du ikkje einig i ei avlysing, er det betre å klage på avlysinga innafor fristen på tre veker, enn seinare å klage seg over at saka vart avlyst.


Sist oppdatert 29/04/2013




PDF av nyeste Miljøkrim: