Organisert kriminalitet i mange former

Nyleg blei det etablert eit norskstøtta samarbeidsforum kalla Global Initiative against Transnational Organised Crime, for å freiste å blåse nytt liv i debatten om korleis ein effektivt kan kjempe mot organisert kriminalitet og ulovleg handel, og bli betre på å motverke nye trugslar.

PHS

Tekst: politioverbetjent Kenneth Didriksen, ØKOKRIM / kenneth.didriksen@politiet.no  //  Foto: Politihøgskolen

I starten av januar inviterte Konsortium for forskning om terrorisme og internasjonal kriminalitet til seminar på Politihøgskolen i Oslo. Seminaret fekk stønad frå Utanriksdepartementet og Justis- og beredskapsdepartementet, og målet var å presentere dette forumet, Network of the Global Initiative against Transnational Organised Crime, og rapportar som dei har produsert. Mellom anna tok dei for seg ulovleg handel og organisert kriminalitet og korleis dette verker på styresett og tryggleik.

Direktøren og primus motor i organisasjonen er Mark Shaw, som mellom anna har lang erfaring frå fredsbevarande operasjonar i Afrika, og har ti års fartstid frå UNODC. I tillegg har Shaw også vore engasjert som direktør i arbeidet med å analysere korleis ein jobbar med tryggleik i heimlandet hans, Sør-Afrika, etter at apartheid var avskaffa.

Nye trugslar og innfallsvinklar

Forumet, ein såkalla NGO, engasjerer seg mot organisert kriminalitet i mange former, og ser også etter moglege fellestrekk. I rapports form tek denne organisasjonen opp tema som våpensmugling, datakriminalitet, narkotika, miljøkriminalitet, økonomisk kriminalitet, menneskehandel og piratverksemd og ser dei i samanheng med vilkåra i område som opplever stor uro som følgje av maktkampar, naturkatastrofar og fattigdom. Global Initiative jobbar tett med både nasjonale styresmakter og internasjonale nettverk og organisasjonar, og ønskjer å vise korleis organisert kriminalitet påverkar samfunnet i stor skala, og korleis ein kan førebyggje og forhindre dette.

«Analyzing Organized Crime – What to Watch in 2014» er tittelen på ein rapport med ei ti-på-topp-liste over dei nøkkelområda som blir mest aktuelle dei neste åra.
Du kan lese meir om forumet og laste ned denne og andre rapportar på www.globalinitiative.net.


Sist oppdatert 10/04/2014




PDF av nyeste Miljøkrim: