Aktuelle dommar

Høgsterett         

HR-2015-44  /  Falsk forklaring, akvakultur, lakselus

Den dømde, som var produksjonssjef i eit fiskeoppdrettsanlegg, hadde ved sju høve forklart seg falskt for kontrollstyresmaktene ved rapportering om teljing av lakselus, og fleire gonger hadde han ved rapportering òg gjeve opp eit for stort volum på notposen i fleire merdar. I fire høve var feilrapporteringa av volumet gjort forsettleg, for å skjule at det var for mykje fisk i anlegget. Straffa for brot på strl. § 166 første ledd og matlova § 28 jf. § 14 jf. forskrift av 17. juni 2008 nr. 822 (akvakulturdriftsforskrifta) vart sett til fengsel i 60 dagar, 30 av dei på vilkår.

Ved straffutmålinga framheva retten det allmennpreventivt viktige, både av omsyn til miljøet og til næringa, ved at ein reagerer streng på forsettlege lovbrot. Retten viste òg til kor viktig det er å verne ulike naturinteresser.

Høgsterett uttalte i saka at å forklare seg urett til andre styresmakter enn domstolane og politiet er eit brot på strl. § 166, og at det at forklaringa vart gjeven som ledd i ei fortløpande rapportering, i seg sjølv ikkje førte til noko anna løysing. Dette er ei prinsipielt viktig avklaring med tanke på dei mange rapporteringspliktene ein har til dei offentlege styresmaktene som følgje av særlovgjeving. Sjå meir om saka på side 31.

HR-2015-791-A  //  Vrakbilar, straffutmåling, dobbeltstraff

Miljøkrim har skrive om denne saka tidlegare der to personar i Larvik kommune sette vekk ei lang rekkje vrakbilar i naturen. I anken til Høgsterett spurde ein om tidlegare tvangsmulkter på 475 000 og 350 000 kroner kunne sperre for seinare straffeforfølging, og det vart stilt spørsmål ved sjølve straffutmålinga med bøter saman med fengsel på vilkår. Høgsterett konkluderte med at tvangsmulkt ikkje stengde for seinare strafforfølging, og at fristane dei dømde hadde fått til å rydde opp etter seg, med tvangsmulkt som pressmiddel, ikkje utgjorde noka straff etter EMK protokoll 7 artikkel 4 (P-7-4).

Ved straffutmålinga viste Høgsterett til at slike bilkyrkjegardar representerer eit miljøproblem som det er allmennpreventivt viktig å reagere mot med ei følbar straff. Dei domfelte hadde forårsaka kraftig forsøpling, og dei hadde unnlate å rydde opp då det vart sett krav om det. Under noko tvil opprettheldt Høgsterett likevel straffa som vart utmålt i lagmannsretten, 45 og 30 dagar fengsel på vilkår og bøter på 50 000 og 30 000 kroner. Tvilen knytte seg til om ein burde skjerpe fengselsstraffene til vilkårslaust fengsel i tråd med påstanden frå påtalemakta. Tross behovet for ein følbar reaksjon la Høgsterett mellom anna vekt på at strafferamma på inntil 3 månadar fengsel i forureiningslova § 79 første ledd ikkje generelt vart skjerpa då lovgjevaren nyleg vedtok å skjerpe strafferamma for ulovleg innførsel og utførsel av avfall i eit nytt fjerde ledd.

Lagmannsrett        

Eidsivating / LE-2015-4940  //  Dyremishandling, forbod mot dyrehald, dobbeltstraff

Etter gjentekne tilsyn, pålegg og vedtak grunna mangelfullt og eit ut frå dyrevernomsyn ikkje forsvarleg husdyrhald av både sauer og storfe, fekk ein gardbrukar forbod av Mattilsynet «mot å eie, holde eller stelle produksjonsdyr. Forbudet gjelder inntil videre, med en minimumstid på tre år fra ikrafttredelse. Med produksjonsdyr menes dyr som avles eller holdes for produksjon av mat, ull, hud eller pels, eller i annen landbruksproduksjon. Dette omfatter også næringsvirksomhet med hest. Forbudet kan oppheves etter søknad til Mattilsynet.»

Mattilsynet melde også saka til politiet. I tiltalevedtaket mot gardbrukaren tok ein atterhald om at det måtte setjast forbod mot framtidig dyrehald i straffesaka. For lagmannsretten vart spørsmålet derfor om forbodet frå Mattilsynet utgjorde ei dobbelstraff og dermed ei ulovleg parallellforfølging, jf. EMK protokoll 7 artikkel 4 (P-7-4). Lagmannsretten tok primært stilling til spørsmålet om dobbeltstraff og konkluderte med at eit aktivitetsforbod etter dyrevelferdslova § 33 ikkje kan sjåast som straff. Det sentrale her er omsynet til den framtidige velferda for dyra som ikkje bør bli påførde unødige påkjenningar. «Lagmannsretten finner ikke at vedtakets innhold som følge av dette er så tyngende for tiltalte at det er straff i relasjon til P-7-4. Det ligger i hjemmelsgrunnlagets karakter og formål at aktivitetsforbudet ikke er begrenset i tid. I prinsippet kan tiltaltes uskikkethet vare for alltid. Tiltaltes rettssikkerhet er her ivaretatt ved at Mattilsynet etter minstetidens utløp kan omgjøre sitt vedtak dersom tiltalte dokumenterer at han er skikket. Det er videre presisert i vedtakene hva tiltalte må dokumentere før rettighetstapet kan omgjøres.»

Med det resultatet lagmannsretten kom fram til, såg ikkje retten det naudsynt å ta stilling til om straffeforfølginga i denne saka utgjorde ei tillaten parallellforfølging.

Hålogaland / LH-2014-186755  //  Ulovlig motorferdsel

Saka gjaldt to tiltalte som i 2013 kjørte snøskuter til og inn i Stabbursdalen nasjonalpark, utanfor lovleg snøskuterløype. Begge hevda å ha løyve til dette fordi køyringa var forbunden med reindrift, for A som reineigar i Ø siida, og for B som As dreng.
Lagmannsretten måtte derfor først ta stilling til om køyringa skjedde «i tilknyting til reindrift» i samsvar med forskrift av 20. desember 2002 nr. 1771 om verneplan for Stabbursdalen nasjonalpark. Om køyringa fann stad som eit ledd i reindrift, vert den ikkje ulovleg fordi den samstundes tente andre føremål. Var formålet med skuterkjøringa derimot andre aktivitetar enn reindrift, ville køyringa vere ulovleg. Lagmannsretten konkluderte med det siste, og båe fekk bøter på 15 000 kroner. Det er verdt å merke at ein her ikkje berre tek ut tiltale på grunnlag av motorferdsellova, men også naturmangfaldlova. Ulovleg motorferdsel utgjer ofte brot på naturmangfaldlova. All den tid ein har breiare sanksjonshøve etter naturmangfaldlova enn motorferdsellova er det viktig å nytte desse slik at lovbrot, særlig dei grove, ved bruk av motorkøyretøy, snøskuter osv. får ein adekvat reaksjon.

Gulating / LG-2014-177543  //  Kystlynghei – ulovleg terrenginngrep i landskapsvernområde

Gulating lagmannsrett forkasta anken frå mannen som vart dømd i tingretten til fengsel i 60 dagar for varig inngrep i form av masseutskifting, bergskraping med meir då han fekk planert ei hyttetomt. Den sjeldne naturtypen kystlynghei og den artsrike naturtypen fukthei vart øydelagde ved inngrepet. Den domfelte hadde bestilt eit maskinfirma til å utføre arbeida. Lagmannsretten forkasta anken hans over lovbruken og straffutmålinga. Han prosederte fånyttes at han som bestillar av arbeida på tomta ikkje var den som direkte utførde handlingane, men at han berre var medverkar. Medverking er ikkje straffbart etter naturmangfaldlova § 75. MILJØKRIM viser til omtalen av tingrettsaka i utgåve nr. 2/2014, side 13.

Borgarting / LB-2014-117053  //  Forvaltningsrett, forureiningslova og naturmangfaldlova

Miljøkrim skriv primært om strafferettslege avgjerder, men nemner her ei fersk avgjerd frå Borgarting lagmannsrett der retten konkluderte med at avslaget frå Miljødirektoratet om eit mudringsløyve utanfor ein sjøeigedom på Hvaler, var gyldig. Det var ikkje nokon feil ved skjønnet som direktoratet hadde utøvd. Omsynet til naturmangfaldet vart ikkje vurdert som eit sideomsyn då ein vurderte løyve etter forureiningslova.

Eidsivating / LE-2014-97354  //  Ulovleg forurening / internkontroll

Eit kommunalt eigd avløpsselskap som hadde slept ut nesten 31 000 kubikkmeter råkloakk, vart frifunne frå tiltale om ulovleg forureining. Fleirtalet i lagmannsretten konkluderte med at IK-S-selskapet ikkje hadde opptrett aktlaust. Dissens 4–3. Men selskapet vart dømt til å betale 50 000 kroner i bot for brot på interkontrollforskrifta. Saka reiser spørsmål om det er snakk om ulike aktsemdsnormer ved forureining frå offentleg verksemd samanlikna med forureining av same art frå private verksemder. Saka reiser òg spørsmål om korleis ein skal forstå anonyme og kumulative feil som del av den kollektive skyldvurderinga etter straffelova § 48 a, og om straffutmåling mot offentleg verksemd stiller seg annleis enn for private verksemder for den same typen lovbrot. Saka er anka til Høgsterett.

Tingrett

Moss / TMOSS-2015-2847  //  Dyrevelferd / avliving av hund

Den tiltalte, ein 29 år gammal mann, vart av tingretten dømd for grovt brot på dyrevelferdslova § 37 første og andre ledd til fengsel i seks månadar og fekk forbod mot å eige hund i 10 år. Bakgrunnen for saka var at hunden «Lukas» vart avliva ved at halsbandet til hunden vart bunde fast til eit betongrør som så vart kasta i vatnet frå Krapfossbrua i Vålervegen i Moss kommune. Nokre forbipasserande oppdaga hunden og melde frå til politiet. Dommen er ikkje rettskraftig.
I ei liknande sak har Vesterålen tingrett dømt ein mann til fengsel i 90 dagar for å ha avliva hunden sin ved å senke han i eit gjenteipa hundebur i Lifjorden.

Hallingdal / 15-003580ENE-HALL  //  Kulturminne – jarnvinneanlegg

Ein mann frå Nesbyen i Hallingdal vart av tingretten dømt for brot på kulturminnelova under særdeles skjerpande omstende til 21 dagar fengsel på vilkår. I tillegg vart han dømt til å betale 50 000 kroner i bot og 140 000 kroner i skadebot til Universitet i Oslo, Kulturhistorisk museum. Til tross for kunnskap om eit automatisk beskytta jarnvinneanlegg, grov den domfelte ein vassledning for kum og utandørs tappekran innafor sikringssona til kulturminnet. Sikringssona har same vern som sjølve kulturminnet, jf. kulturminnelova § 6, og meldaren, Buskerud fylkeskommune, har i meldinga til politiet opplyst at jarnvinneanlegget kan representere ein hittil ukjend overgangsfase mellom to godt kjende utvinningsprosessar. Då grøfta vart graven gjennom delar av anlegget vart det fjerna materiale av stor og nasjonal vitskapleg verdi. Skadebota vart kalkulert ut frå kostnadene ved å dokumentere inngrepet og undersøke restane av kulturminnet for å sikre vitskapeleg kjeldemateriale.

Sør-Østerdal / TSOST-2014-177669  //  Ulovleg jakt – dyrevelferd

Ein trysilmann vart dømt til fengsel i sju månadar for å ha jakta på raudrev og grevling ved bruk av hund, der hundane skal medvite vorte slept lause for å hetse og angripe viltet. Den domfelte har òg mist retten til å drive jakt og fangst i fem år. I tillegg er han frådømt retten til å halde og bruke hund på jakt i fem år.

Den domfelte vart òg dømt for å ha lånt ut hundar med det føremål at hundane skulle jage, hetse og avlive ein innfanga katt ved å jage og bite den ihel mens hundehaldarane såg på. Trysilmannen, som i 2009 vart dømt for ulovleg felling av bjørn der hund også vart nytta i jakta, vart no dømt for grove brot på naturmangfaldlova, viltlova, dyrevelferdslova, hundelova og våpenlova. Saka spring ut frå den såkalla «ulvesaka», men er skilt ut i ei eiga straffesak. Dommen er ikkje rettskraftig, og Miljøkrim vil gje ei nærare omtale av saka i ei seinare utgåve.

Sør-Østerdal / TSOST-2014-168573  //  Ulvesaka

Tingretten dømde fem personar frå Hedmark for forsøk på å felle ulv i Elverum kommune i februar 2014. Ein av dei tiltalte vart frifunnen.

Ulven er freda og truga av utrydding i Norge. Dei domfelte vart dømde etter den strengaste miljøkriminalitetsføresegna i straffelova,
§ 152b. Tingretten har funne at dei domfelte har samarbeida i ei kriminell gruppe, og straffene vart skjerpa på grunn av det, jamfør straffelova
§ 60a. Den hovudtiltalte ble vart dømd til fengsel i eitt år og åtte månadar. Han vart også dømd for ulovleg felling av ulv på åtejakt. dei fire andre fekk fengsel frå eitt år til seks månadar, ein av dei for medverknad til den ulovlege jakta. Alle fekk i tillegg jaktforbod, i frå fem år til to år. To av dei tiltalte fikk også inndrege våpen.

I dommen har retten lagt vekt på at dei tiltalte har sett seg over reglane som gjeld for forvaltinga av rovdyr i Noreg.

Etterforskinga av saka er gjort av ØKOKRIM, i nært og godt samarbeid med Hedmark politidistrikt. Saka vart i hovudsak avdekt gjennom bruk av kommunikasjonskontroll. Dommen er ikkje rettskraftig, og Miljøkrim vil gje ein nærare omtale av saka i ei seinare utgåve.

Namdal /14-147324MED-NAMD  //  Ulovleg fangstreiskap – motorferdsel

Eigaren av ein 4 500 mål stor eigedom i Røyrvik brukte snøskuter då han saman med ein kamerat oppheld seg i den tiltalte si skogstue. Under opphaldet festa dei umerkte mårfeller i fleire tre og ei fotsaks til eit tre med ørret og tre daude høner som åte, «for å sjå om det var noko liv i skogen». Ein utmarkskonsulent frå Statskog Fjelltjenesten oppdaga dei umerkte fellene og beskreiv at den ulovlege saksa var skjult i snøen ved treet, berre kjettingen som var fest til treet, var synleg. Retten konkluderte med at den tiltalte hadde brukt ulovleg fangstreiskap og sett opp spente mårfeller utanom regulær fangsttid. Sjølv om den tiltalte opplyste at fellene hadde eit anne føremålenn fangst, var dei eigna nettopp til å fange dyr, og berre slump gjorde at dyr ikkje vart fanga. Den tiltalte vart derfor domfelt for ulovleg oppsetjing av feller, ulovleg fangstreiskap og ulovleg motorferdsel til 21 dagar fengsel på vilkår og ei bot på 7 500 kroner. Fellene vart inndragne.

Tønsberg / 14-068308MED-TONS  //  Viltlova – ulovleg preparantverksemd

Etter funn og beslag av 32 levande fuglar, 42 utstoppa fugla og tre frysarar med til saman 126 daude dyr og fuglar vart ein mann frå Ande­bu dømd til 90 dagar vilkårslaust fengsel og til å tåle inndraging av unndregen skatt og meirverdiavgift. Meir om denne saka, som var både utfordrande og omfattande å etterforske, kan du lese på side 39.

Frå utlandet: Österbotten tingsrätt (Dnr R 13/1079)  //  Naturmangfald – ulovleg eggsanking

Ein finsk statsborgar er dømd i Österbotten tingsrätt for ulovleg sanking av cirka 8 700 egg, hovudsakeleg frå Närpestrakten. Egga vart takserte til ein verdi av til cirka. 700 000 euro (cirka 5,8 millionar norske kroner). I domsslutninga vart den tiltalte dømt til 1 år fengsel på vilkår og verdiinndraging eller skadebot på 250 000 euro (cirka 2,1 millionar norske kroner) i tillegg til fysisk inndraging av alle egga. Retten la særlig vekt på dei økonomiske aspekta ved straffutmålinga (2 års strafferamme). Dommen er ikkje rettskraftig.


Sist oppdatert 13/05/2015