Aktuelle førelegg

Kulturminnekriminalitet – skade og fare for skade på freda kulturminne

Tønsberg kommune har vedteke ei bot på 1,5 millionar kroner frå ØKOKRIM for å ha skadd eit freda kulturminne. Skaden skjedde då kommunen utførte større gravetiltak nær Oseberghaugen og i kulturmiljøet til gravhaugen i Slagendalen. Gravinga vart gjort utan løyve frå fylkeskommunen. Oseberghaugen er eit unikt kulturminne og ligg i eit kulturmiljø av nasjonal og internasjonal verdi. Området der gravetiltaket fann stad, ligg innafor området som er søkt verna som verdsarv, og det vart gjort uoppretteleg skade under gravinga. Sjå også side 18–19.

Kulturminnekriminalitet – skade og fare for skade på freda kulturminne

Steig Transport har vedteke ei bot på 200 000 kroner frå Salten politidistrikt for å ha øydelagd eit freda kulturminne. Den 16. juni 2014 skulle ein maskinførar frå Steig Transport AS kantslå langs FV638 i Nordland. Firmaet hadde frå før kun to dagar erfaring med slikt arbeid då kontrakten vart inngått. Maskinføraren brukte ein hjullastar med eit Slagkraft klippeaggregat montert på arma på hjullastaren. Graset vart slått i fleire rader ut frå vegen, og på den tredje klipperada, då dei skulle klippe forbi Langsteinen, knakk Langsteinen rett under bakkenivå, fall ned og delte seg i tre delar. Sjå også side 18–19.

Faunakriminalitet / ulovleg eggsanking

Statsadvokatane i Nordland har ilagt ei bot til ein person på 20 000 kroner for brot på naturmangfold­lova og forskrift om jakt- og fangsttider samt sanking av egg og dun for jaktsesongene (2012–2017), jf. forskrift om fredning av Røstlandet naturreservat. Bota går ut på at han ulovleg sanka minst 83 egg; 77 egg av arten fiskemåse og 6 egg av arten gråmåse og/eller svartbak. Se også side 12.

Ulovleg motorferdsel

Politimeisteren i Hedmark har bøtelagt eit vindmøllefirma med 75 000 kroner for ulovleg motorferdsel med lastebil og personbil då dei skulle setje opp ei vindmålarmast ved Kvitvola i Engerdal.

Naturmangfaldlova – laus hund

Politimeisteren i Oslo har bøtelagt ei oslokvinne med 30 000 kroner for at ho ved gjentekne høve ikkje hadde kontroll på hunden sin slik at han sprang fritt rundt på Store Herbern naturreservat i Oslo og jaga og forstyrra fuglar på stranda og i området langs vatnet. Dette var gjentekne brot på naturmangfaldlova og hundelova.

Arbeidsmiljø – Trøndelag

Veidekke Industri AS og eit gravefirma vart båe bøtelagde for 1 000 000 kroner for brot på arbeidsmiljølova knytt til gravearbeid ved reetableringa av vegtraseen for E6 ved Rungstadvatnet i Steinkjer. Verksemdene skulle grave ut ustabile massar som vegen opphaveleg var lagd på, og erstatte desse med stabile massar lagde på fast grunn. Under gravearbeidet rasa grunnen under ei av gravemaskinene, som vart liggjande under vatn, og maskinføraren drukna. Raset og arbeids­ulykka avdekte ei rekkje manglar og sviktande planlegging og gjennomføring. Dagen før raset som førte til dødsfallet, hadde det vore to andre utglidingar og ras utan at desse vart registrerte som avvik og heller ikkje diskuterte i eit brakkemøte. Naudsynte tiltak vart ikkje iverksette.


Sist oppdatert 13/05/2015