Aktuelle domar

Høgsterett       

Rt-2015-838, Snøskuterkøyring i nasjonalpark

Målet med turen dei tiltalte tok med snøskuter til Ceakkojavri i Stabbursdalen nasjonalpark 3. mai 2013 var rekreasjon i form av fiske og sosialt lag. Skuterturen hadde ingen samanheng med reindrift, og  dei  objektive vilkåra for straff etter reglane som stod i førelegga, var oppfylte. Dei vart dømde for brot på naturmangfaldlova § 75 jf. § 35 jf. § 77 jf. forskrift om Stabbursdalen nasjonalpark § 3 nr. 6 og motorferdsellova § 12 jf. § 3 til bøter på 15 000 kroner. Dei tiltalte anka sakshandsaminga, lovbruken og straffutmålinga, men Ankeutvalet til Høgsterett tillét ikkje at ankane vart fremja. Om straffutmålinga uttalte Ankeutvalet til Høgsterett: "De ankende parter ble i lagmannsretten idømt en bot på 15 000 kroner hver, i tråd med aktors påstand. Boten var da redusert med 3 000 kroner sammenlignet med forelegget, på grunn av tiden som var gått siden forholdet fant sted. Allmennpreventive omsyn gjør seg sterkt gjeldende i saker om brudd på naturvernlovgivningen. Det er lite sammenlignbar praksis, men Ankeutvalet kan ikke se at boten er blitt for streng."

HR-2005-2557-A, Arbeidsmiljøkriminalitet, eit grensetilfelle for bruk av føretakstraff

Ei industribedrift vart dømt til føretakstraff etter strl. 1902 § 48a og § 48b på 100 000 kroner for brot på arbeidsmiljølova § 19-1 første ledd jf. § 2-1, jf. § 3-1 andre ledd bokstav c jf. internkontrollforskrifta § 5 sjette ledd, jf. arbeidsmiljølova § 4-4 første ledd jf. arbeidsplassforskrifta § 2-11 første ledd. Ein arbeidstakar datt og pådrog seg hjerneristing som følge av dårleg lys i eit fabrikklokale. Arbeidsleiinga var kjent med lysproblemet. Dette utgjorde objektivt sett eit brot på arbeidsmiljølova § 19-1, og det var aktlaust at det ikkje var satt inn mobilt lys eller at arbeidstakaren ikkje var instruert om å bruke ei anna maskin. Eit fleirtal på tre dommarar kom  til at ein burde gje føretakstraff. Ein viste til at allmennpreventive omsyn talte for føretakstraff, til at brotet gjaldt reglar som var sette til å verne liv og helse hos arbeidstakarane, og til at arbeidsleiinga kjente til det dårlege lyset utan at dei gjorde noko med det, til tross for at det allereie hadde vore ei arbeidsulykke av same årsak. To dommarar meinte at ein ikkje kunne gje bedrifta føretakstraff. Sjølv om det i desse sakene kan være vanskeleg å finne mange nok fellestrekk mellom saker til å seie at ei avgjerd frå HR er eit tungt argument for straff i ei anna sak, er det mogleg denne avgjerda likevel kan gje ein peikepinn på kvar den nedre grensa for føretakstraff går. Dommen er særskild omtala i dette nr. av Miljøkrim på s. 28.

Rt 2015 s. 1022, Straffeprosess - ankerett

Det kan av og til være vanskeleg å ta stilling til spørsmålet om kven "…avgjerda rammar…", jf. strpl. § 377. Ankeutvalet kom her til at den sikta ikkje har rett til å anke over ei orskurd om å oppretthalde beslag av bevis (i form av filmmateriale) teke hos ein tredjemann i sak mot den sikta, korkje i eigenskap av å være sikta eller kjelde for bevismaterialet.

Tingrett

Sør-Trøndelag  tingrettsdom 
av 19. oktober 2015, Dyrevelferdkriminalitet, 
avliving av katt

Ein mann vart dømt for å ha teke livet av ein katt ved å ta kvelartak på katten for dernest å bende nakken hans heilt bakover og så skjære strupen over med ein kniv slik at katten blødde ihel og/eller vart kvelt. Handlinga fann stad 1. august 2015. Han vart for dette dømd for grovt brot på dyrevelferdlova § 37 jf. § 12 jf. forskrift om avliving av hund og katt § 2 jf. § 6 samt grovt brot på dyrevelferdlova § 14 (øvd vald mot dyr) og straffelova (1902) § 291  (brotsverk). I tillegg vart han også dømd for å ha hatt 18 bilete som viser seksuelle overgrep mot barn. For desse forholda vart han dømd til fengsel i seks månader, med to på vilkår. Han vart også for alltid frådømd retten til dyrehald etter dyrevelferdlova § 33.  

Jæren tingrettsdom 
av 19. oktober 2015, Aktlaus felling av vandrefalk

Ein 55 år gamal, svært erfaren jeger vart i Jæren tingrett dømd til 25 dagar vilkårslaust fengsel for at han den 21. august 2015 skaut ein vandrefalk. Han måtte i tillegg tåle inndraging av ei halvautomatisk hagle med tilhøyrande ammunisjon, og han vart frådømd retten til å utøve og delta i jakt og fangst for eit tidsrom på tre år. Han vart dømd for brot på naturmangfaldlova § 75 første ledd jf. § 15 første ledd. Den tiltalte anka til Gulating lagmannsrett. Anken, som gjaldt bevisvurderinga, vart avvist av lagmannsretten. Om tingretten si utmåling av straffa, som ikkje var anka, uttalte lagmannsretten at ho "i hvert fall ikke er for streng utfra lovgivers vilje og utviklingen i rettspraksis mot strenge straffer ved faunakriminalitet". Dommen er særskild omtalt i dette nr. av Miljøkrim på s. 16.

Salten tingrettsdom 
av 8. januar 2016, Køyring med vasskuter
småbåtlova

Fredag 18. september 2015 i Daumannsvika utanfor Rognan i Saltdal kommune køyrde ein 50 år gamal mann vasskuter fleire gonger i rundar og over rette strekke med høgare fart enn 5 knop, mindre enn 400 meter frå land. For dette vart han dømd for brot på småbåtlova § 40a jf. § 40 tredje ledd jf. forskrift om bruk av vasskuter § 5 andre ledd. Han vart dømd til ei bot på 10 000 kroner. Storleiken på bota var i tråd med føringane Statsadvokatane i Nordland har gjeve for denne typen brot etter ei regelendring for bruk av vasskuter i 2013. Etter regelendringa finst det no klare reglar for kvar ein kan køyre lovleg med vasskuter, og kva krav som gjeld for køyringa.


Sist oppdatert 15/06/2016