Aktuelle førelegg

Krav til sikring av snuplass m.m.

Politimeisteren i Sogn og Fjordane har skrive ut førelegg på respektive 600 000 og 300 000 kroner til to selskap i tilknyting til ei arbeidsulykke i 2013 der ein arbeidstakar omkom. Arbeidstakaren skulle snu med ein dumpar på den etablerte snuplassen til anlegget. Snuplassen hadde inga sikring mot vest, der det var ein bratt skråning ut i fjorden. Dumparen rygga utfor skråninga og i sjøen, og føraren drukna. Risikoen ved operasjonen hadde ikkje vore tilstrekkeleg vurdert, og ein hadde heller ikkje utarbeidd tilstrekkelege tiltak for å redusere risikoen for utforkøyring. Høvet omfatta fleire grove brot på arbeidsmiljølova, og begge selskapa vedtok førelegga utstedt i oktober 2015. 

Bot for ulovleg marknadsføring av skadedyrprodukt

Miljødirektoratet politimelde eit enkeltmannsføretak i Akershus som sel skadedyrsprodukt, på grunn av ulovleg marknadsføring og manglande faremerking på produkta. No har eigaren fått ei bot på 50 000 kroner frå det tidlegare Romerike politidistrikt. Enkeltmannsføretaket i Akershus selde eit variert utval skadedyrsprodukt via postordre og internett, mellom anna ei rekkje biocidprodukt. Rett bruk og handtering av biocidprodukt er særs viktig, ettersom desse produkta kan være skadelege for helse og miljø. Då Miljødirektoratet hadde inspeksjon på staden i 2013 avdekte dei ei rekkje brot på miljøvernregelverket. Føretaket har òg tidlegare fått tvangsmulkt på 150 000 kroner frå Miljødirektoratet fordi dei ikkje har retta opp i lovbrota.

Ung gut omkomen i arbeidsulykke

Den 30. juni 2015 tok ein medarbeidar ved ei bedrift i Oslo med seg ein sommarvikar for å sprette pappballar i eit avlukke for bølgjepapp. Sommarvikaren hadde ikkje fått opplæring i denne oppgåva, og arbeidet var ikkje risikovurdert. Mens han jobba køyrde ein av dei tilsette ein hjullastar inn i avlukket for å presse saman pappen utan at han var klar over at sommarvikaren var der inne. Den unge guten kom i klem mellom hjullastaren og pappen og vart påført store skadar som han kort tid seinare døydde av. Bedrifta hadde ikkje kartlagt farar eller gjort noko risikovurdering av arbeidet inne i avlukket, og dei hadde heller ikkje utarbeidd nokon instrukser for slikt arbeid. Bedrifta har vedteke eit førelegg på 2 millionar kroner. Førelegget vart skrive ut av politimeisteren i Oslo for brot på arbeidsmiljøloven (§ 19-1 første ledd jf. andre ledd jf. § 3-1 andre ledd bokstav c jf. § 3-2 første ledd bokstav a jf. § 4-1 første ledd jf. andre ledd, jf. strl. (1902 § 48 a). Ingen enkeltpersonar vart straffa.


Sist oppdatert 15/06/2016