Rettsvillfaring i miljøsaker

På miljøområdet finst det tallause reglar som skal følgjast, og mange av desse er strafflagde. Ofte viser den personen som har brote miljølovgivinga, til at han ikkje visste handlinga var ulovleg. Den som ikkje veit dette, kan få straffa sett ned eller sleppe straff. Det følgjer av straffelova § 57. Det ligg då føre ei rettsvillfaring. For at dette skal skje, må rettsvillfaringa vere unnskyldeleg (aktsam), og i praksis godtek retten dette berre i sjeldne tilfelle. Det er difor viktig å klarleggje under etterforskinga om rettsvillfaringa var aktsam.

Tekst: førstestatsadvokat Hans Tore Høviskeland, ØKOKRIM  //  hans.tore.hoviskeland@politiet.no

Illustrasjonsbilde, naturNår det gjeld lovgivinga som skal verne miljøet, går det fram av rettspraksis at det er strenge krav til plikta til å undersøkje nærmare om ei handling eller verksemd er lovleg eller ikkje. I denne artikkelen vil eg gå gjennom nokre av desse dommane og peike på nokre av dei undersøkingane ein bør gjere for å få klarlagt om handlinga er lovleg eller ikkje.

Den klare hovudregelen er at den som gir seg inn på eit spesielt fag- eller aktivitetsområde, pliktar å kjenne regelverket på området fullt ut. For at ei rettsvillfaring skal vere unnskyldeleg, må ho ikkje i det hele taket kunne leggast tiltalte til last.

Krava er så strenge fordi det ikkje skal vere ein fordel å late vere å skaffe seg kjennskap til lover eller forskrifter ein kan kome til å bryte. To hovudkrav er stilte opp for lovkunnskapen: For det første at alle kjenner dei meir alminnelege straffeboda. Desse gir reglar om det alminnelege samkvemmet mellom borgarane. For det anna må den som driv eit yrke, eller har ein bestemd hobby, kjenne særreglane på området, sjå til dømes Rt 1991, s. 385.

Grensa mellom rettsvillfaring og faktisk villfaring kan reise mange spørsmål, men når skyldkravet er aktlause, som det som regel er på miljøområdet, så betyr det ingenting om det er snakk om det eine eller det andre, jf. Rt 1977, s. 391.

Kulturminne

I kulturminnesaker er det ikkje uvanleg at ein person vedgår at han har fjerna eit kulturminne. Samtidig viser han til manglande kjennskap til regelverket. Han var til dømes ikkje kjend med at buplassane var freda etter kulturminnelova. Etter rettspraksis skal det svært mykje til for at dette fritek han for straff. Rettsvillfaringa må i så fall vere unnskyldeleg (aktlaus), og det fører berre i unntakstilfelle til straffridom.

Personar som bryt kulturminnelova, gjer til tider òg gjeldande at området er undersøkt for kulturminne, og at dette gir grunnlag for å statuere unnskyldeleg rettsvillfaring. I slike tilfelle er det uansett aktlaust å ikkje undersøkje nærmare før ein sett i gang tiltaket. I Rt 2010, s. 1293, som gjaldt brot på kulturminnelova, gjorde dei tiltalte gjeldande at dei måtte frifinnast på grunn av unnskyldeleg rettsvillfaring. Her nøyer Høgsterett seg med å vise til at dei tiltalte «var kjent med at det forelå et automatisk vernet kulturminne ved Onarheim kirke, at de kjente til at spørsmålet om anlegg av en midlertidig vei over bøen, slik det opprinnelig var planlagt, måtte forelegges kulturminnemyndighetene, og at de ikke gjorde noe for å avklare den rettslige situasjonen før de begynte å anlegge den midlertidige veien 2. januar 2006».

Med jamne mellomrom bryt kommunar kulturminnelova ved at dei ikkje sender søknader om byggjetiltak vidare til fylkeskommunen der tiltaket kan gå ut over eit kulturminne. I Follo tingretts dom av 28. oktober 2008 gjorde ein kommune unnskyldeleg rettsvillfaring gjeldande. Kommunen hadde i dette tilfellet ikkje meldt frå til kulturminnemyndigheita i fylkeskommunen om eit byggjetiltak i sikringssona for ein gravhaug. Retten uttalte at dei tilsette på byggjesaksavdelinga plikta å setje seg inn i regelverket, og at det var aktlaust å fullt og heilt byggje på oppmålingane tiltakshavaren hadde gjort.

Plan- og bygningslova

Det hender at ein utbyggjar som bryt plan- og bygningslova, hevder at han har handla lojalt og i tråd med føremålet til lova ved å velje eit alternativ han meinte var mindre tyngjande enn det tiltaket han visste var søknadspliktig. I ein slik situasjon er det likevel aktlaust ikkje å undersøkje rettstilstanden før utbygginga blir sett i gang.

Det er ikkje uvanleg at mange, til dømes i utbyggingssaker, meiner styresmaktene har gitt løyve til utbygginga ved konkludent åtferd. I Rt 1979, s. 411, som gjaldt meirverdiavgiftslova, argumenterte tiltalte med at kemneren hadde friteke for plikta til trekkje skatt gjennom konkludent åtferd. Dette argument førde ikkje fram, for lova gir ikkje kemneren høve til dette.

Ulovleg fiske

Enkelte som blir tekne for ulovleg fiske, til dømes hummarfiske, hevdar dei ikkje var klar over regelverket. Den klare hovudregelen er her, som elles på miljøområdet, at den som gir seg inn på eit spesielt fag- eller aktivitetsområde, pliktar å kjenne regelverket på området fullt ut.

I Rt 1975, s. 143, hevda ein person at han var ukjend med regelverket, som sa at det ikkje var lov å fiske med teiner i området. Høgsterett uttalte at når tiltalte bestemde seg for å setje ut ei rekkje teiner innan eit sjøområde som er kjent som rikt på skaldyr, burde han ikkje ha nøgd seg med at seljaren sa han kunne bruke teinene overalt utan å kome i konflikt med fiskerireglar. Han hadde ikkje fiska i farvatnet tidlegare, og Høgsterett fann at han burde ha undersøkt nærmare hos politiet, lensmannen eller Fiskeriinspektørkontoret kva slags reglar som gjeld for teinefiske innan sjøområda i Østfold i fredingstida for hummar.

I september 2009 i Oslofjorden i Asker blei ein fiskar teken for å ha fiska med garn om lag 240 meter innanfor fredingssona. I tingretten hevda tiltalte blant anna at han ikkje var kjend med at det var slike restriksjonar for fiske der han hadde sett garnet, og at restriksjonsgrensa verken var markert på kart eller i terreng. Tingretten kom til at det låg føre ei unnskyldelig rettsvillfaring, og fiskaren blei difor litt overraskande frifunnen. Påtalemakta anka frifinninga. Lagmannsretten (Borgarting lagmannsretts dom av 3. september 2010) kom til at tingretten hadde lagt til grunn ei for mild aktsemdsnorm når retten hadde funne at fiskaren ikkje kunne lastast for at han ikkje visste kor reguleringsgrensa gjekk, eller at han ikkje undersøkte om det fanst noka slik grense, og kor ho eventuelt gjekk.

Motorferdsel

I tre høgsterettsavgjerder som alle gjaldt motorferdselslova – Rt 1992, s. 8, s. 564 og s. 1 120 – uttalte Høgsterett at det er grunn til å setje klare krav til å undersøkje nærmare om ei handling eller verksemd er lovleg eller ikkje.

Naturvernområde

Det finst mange døme på at personar eller føretak som bryt regelverket i eit naturvernområde, gjer gjeldande rettsvillfaring. Det skjedde til dømes i Rt 2009, s. 1079, den såkalla helikopterdommen. Denne saka gjaldt spørsmålet om det låg føre unnskyldeleg rettsvillfaring då eit helikopter landa i eit landskapsvernområde, og om NRK hadde medverka og eventuelt skulle få føretaksstraff. Landinga med helikopter i et landskapsvernområde var eit brot på forbodet i verneforskrifta mot å flyge under 300 meter. Verneforskrifta var kunngjord på vanleg måte i Norsk Lovtidend og lokal­aviser og var tilgjengeleg hos forvaltinga. Men ho var ikkje teken inn i det informasjonssystemet som Avinor utarbeider for norske pilotar. Dette systemet omfatta òg verneområde. Flygaren hadde nøgd seg med å konsultere dette informasjonssystemet til Avinor. Det synst som Høgsterett legg til grunn at det kunne vere tilstrekkeleg viss  informasjonssystemet til Avinor generelt var rekna som påliteleg og oppdatert, og det militære kartet ikkje var vanleg brukt i sivil luftfart. Ved ny behandling i lagmannsretten blei flygaren frifunnen, blant anna fordi det var manglar ved det informasjonssystemet som luftfartsstyresmaktene rekna som ei primær og tilstrekkeleg kjelde for pilotar. Inge Lorange Backer tek spørsmålet opp på side 602 i kommentarutgåva til naturmangfaldlova (2010): Det at ein yrkesutøvar kan basere seg på eit regelinformasjonssystem som er spesielt retta mot yrkesgruppa, er kanskje ei meir lempeleg vurdering enn den som tradisjonelt blir lagd til grunn. NRK-medarbeidarane som blei transporterte med helikopteret, blei derimot dømde for handlinga. Dei visste dei skulle lande på ein stad der var ein rettstvist som gjaldt ei verneforskrift, og retten meinte rettsuvissa deira var aktlaus.

Ofte kan rettsuvisse skyldast ei misforståing av dei aktuelle reglane. Tiltalte gjorde dette gjeldande i Rt. 2002, s. 1069. Høgsterettssaka gjaldt hogst i eit naturreservat, og tiltalte meinte verneforskrifta gav han rett til å hogge trær for å skjøtte skogen. Fleirtalet i Høgsterett kom til at omsynet til effektiv handheving tilsa strenge krav til aktsemda. Tiltalte hadde verken handla lojalt mot føremålet for vernevedtaket eller forsøkt å kontakte miljøvernmyndigheita før han starta hogsten.

Ved dom av 23. mai 2000 gav Oslo byrett to personar 5000 kroner i bot fordi dei hadde ankra opp båtane sine i eit naturvernreservat i indre Oslofjord. Båtførarane viste til at dei ikkje visste det var forbode å ankre opp, og at det ikkje var sett opp skilt. I denne saka uttalte retten at den klare hovudregelen er at den som går inn på eit spesielt fag- eller aktivitetsområde, pliktar å kjenne regelverket på området fullt ut.

Et anna argument som ein mistenkt ofte nyttar som grunnlag for rettsvillfaringa, er at formuleringane i verneforskrifta er uklare. Dette kom blant anna opp i ei sak for Agder lagmannsrett (RG 2001, s. 404). Tiltalte blei teken for å ha kjørt traktor gjennom eit naturvernreservat. Lagmannsretten kom til at når tiltalte ikkje hadde lese forskrifta, kunne han vanskeleg gjere gjeldande ei uklar formulering i verneforskrifta som grunnlag for rettsvillfaring. Om tiltalte hadde lese regelen, måtte han i det minste ha blitt i tvil om kjøringa var lovleg, og i det minste burde han då ha kontakta forvaltinga for å få avklart dette.

Nokre andre døme

Viss lovbrytaren har ei underordna stilling og handlar etter ordre frå ein overordna, kan det lettare bli tale om unnskyldeleg rettsvillfaring. Eitt døme på dette er Rt 1956, s. 738, der nokre fangstmenn var tiltalte for ulovleg sanking av fugleegg på Svalbard. Høgsterett frifann på grunn av unnskyldeleg rettsvillfaring.

Retten la blant anna vekt på at ein overordna hadde gitt ordre om eggsankinga, og at fangstmennene difor måtte rekne med at handlinga var lovleg. Se òg Rt 1976, s. 165 og Rt 1990, s. 1 300. Utlendingar forsvarar seg ofte med manglande kjennskap til mange av lovene på miljøområdet. I slike tilfelle vil ei rettsvillfaring sjeldan eller aldri bli vurdert som unnskyldeleg.

Det vil vere lettare å seie at det ligg føre ei unnskyldelig rettsvillfaring dersom regelen er heilt ny. Det gjeld særleg viss kunngjeringa av regelen ikkje har vært så effektiv som ho burde være. Men gjeld det eit område der det stadig kjem nye reglar (til dømes innanfor fiskerilovgivinga), vil retten krevje at folk held seg oppdaterte på dei. Men folk skal ha hatt høve til å gjere seg kjende med regelen.

Vidare vil den som stiller eit klart og etter tilhøva enkelt spørsmål til rett styresmakt, normalt vere i unnskyldeleg rettsvillfaring om han innrettar seg etter svaret, og det skulle vise seg å vere gale. Det er likevel ein føresetnad at han gir representanten for styresmaktene all den informasjonen som er nødvendig for å vurdere saka, blant anna om informasjonen er fullstendig og nøyaktig, og at han ikkje «pyntar på» eller tonar ned den verksemda han skal til å utføre. Vidare må svaret sjølvsagt vere klart nok og ikkje heilt usannsynleg, og han må ikkje gå lenger enn svaret opnar for.

Det er ikkje uvanleg at mange miljøkriminalitetssaker endar med frifinning i tingretten, for så å ende med domfelling i lagmannsretten eller Høgsterett. I tilfelle der tolkinga av lova har vært tvilsam, til dømes der dommarar i ulike instansar har forstått lova på ulikt vis, vil ikkje tiltalte blir klandra for den uriktige rettsoppfattinga, men for at han tross tvilen som fanst, handla utan å forsikre seg om at det var i orden. Det er altså ikkje noko særleg omstende at dommarar i ulike instansar har forstått lova ulikt.

Viss påtalemakta kjem til at rettsvillfaringa er unnskyldeleg, skal ho leggje bort saka fordi det ikkje ligg føre ei straffbar handling. I praksis vil påtalemakta ofte leggje bort slike saker på grunn av bevismangel.


Sist oppdatert 23/08/2012