Object ID er lansert

Førestill deg at du kjem heim frå ferie no i sommar. Du parkerer bilen i garasjen, tømmer den velfylte postkassa og skal til å låse opp inngangsdøra. Det er då du oppdagar brekkmerka i dørkarmen og ser at det har vore innbrot i huset.

Kunstlinjalen

Tekst/foto: politioverbetjent Kenneth Didriksen, ØKOKRIM / kenneth.didriksen@politiet.no

Etter at sjokket, sinnet og fortvilinga har lagt seg er du hos politiet og i gong med å melde og skildre det som er stole. Du hugsar likevel ikkje nokon særlege detaljar om dei fem flotte måleria som tidlegare hang i stova og den vesle bronsefiguren som stod på bordet i gangen. Motiv, farge, kunstnar, storleik er vanskeleg å hugse i detalj. Kunst og antikvitetar er ikkje, trass i store verdiar, utstyrt med modellnamn og strekkodar som til dømes datautstyr, fotoapparat og våpen. Slikt utstyr kan for så vidt også erstattast med nytt og betre, det er ikkje tilfelle med unik kunst.

MaleriEi inventarliste kan i slike situasjonar vere til god hjelp, både for politiet sin sjanse til å etterlyse og finne att gods og overfor forsikringsselskap som også skal behandle saka. Ved søk i straffesaksregisteret (STRASAK) på dagens registreringar av stolen kunst finst det mange måleri av typen «stort blått med gullramme». Ei slik oppføring er ikkje brukbar for etterlysing og enda mindre for identifisering ved attfinning.

Registreringssystemet Object ID blei lansert i 1997 og ordninga blir støtta og marknadsført blant anna av FBI, Scotland Yard og Interpol samt også UNESCO, musé, kulturminneorganisasjonar, kunsthandlarar og forsikringsbransjen. Målet var å lage ei registreringsordning som var svært enkel, men likevel god nok til å tilfredsstille minimumskrav til sikker identifisering.

Etableringa av Object-ID som standard hjelper no til nedkjempinga av illegal tileigning av kunst- og kulturgjenstandar ved at dokumentasjonsarbeidet blir forenkla og standardisert globalt.

ØKOKRIM har, med finansiering frå Politidirektoratet, produsert og trykt opp ein referanselinjal i tråd med Object ID-systemet. Linjalen, som har centimetermål og CMYK-fargar, er godkjent av den internasjonale museumsorganisasjonen og rettshavar ICOM. ØKOKRIM har sendt ut linjalar og registreringsskjema til alle politidistrikt for utdeling til publikum. Også fleire aktørar innan kunstbransjen har fått linjalar tilsendt.

Hjelper politiet til å hjelpe publikum

Reint praktisk så inneber Object ID at ein tek eit foto av den aktuelle gjenstanden og deretter skildrar den i ni korte punkt i eit registreringsskjema. Deretter blir skjemaet, anten papirversjon eller digitalt, oppbevart på ein annan stad enn der gjenstanden er. Politiet har ei rolle i ordninga berre når det blir motteke ei melding og denne registreringa kan leggjast ved meldinga. ØKOKRIM og Kripos kan, når det blir vurdert taktisk formålstenleg, også etterlyse det stolne godset via Interpol på grunnlag av nett Object ID-registreringa. Meir om Object ID finst både på KO:DE og på ØKOKRIM si heimeside. Her kan også linjalen og registreringsskjema skrivast ut.

Mer info
Du kan lese mer om Object ID på våre hjemmesider under Miljøkriminalitet > Kunst og kulturminner: www.okokrim.no/object-id

Sist oppdatert 03/09/2013