Totalforbodet mot blyhagl oppheva

Totalforbodet mot blyhagl er oppheva. Regelverket tillét no blyhagl til jakt på jaktbare artar som ikkje hovudsakleg held til i våtmark.

Tekst: Regjeringen

Mellom anna vil jegerane kunne bruke blyhagl til jakt på rype, storfugl, kråke, hare, rådyr, mår, mårhund og villmink i tillegg til gjæser som held til på innmark. Sjå forskrifta for ei fullstendig liste over artar. Det er framleis forbode å bruke blyhagl på skytebanar.

Stortinget vedtok 3. februar at regjeringa skulle leggje til rette for bruk av blyhagl ved jakt utanfor våtmarksområde og skytebanar. Regelverket er no endra i tråd med vedtaket.

I samsvar med vedtaket frå Stortinget vil regjeringa også følgje utviklinga i bruken av blyhagl og innhente meir kunnskap om helsekonsekvensane ved bruk av blyhagl på jakt.

Eit anna alternativ for å regulere bruken av blyhagl kunne vore å forby bruk av blyhagl i våtmark. Eit slikt reint geografisk avgrensa forbod vart vurdert allereie i 1991. Styresmaktene gjekk bort frå eit geografisk avgrensa forbod fordi det i praksis var svært vanskeleg å vurdere om eit område kan reknast som eit våtmarksområde. Det er vanskeleg å fastsetje eksakt kvar alle dei tusenvis av våtmarksområde i Noreg startar og sluttar. Forbodet vart difor knytt til artar. Denne vurderinga gjeld også i dag.

Det nye regelverket er utforma på eit vis som gjer det mogleg å etterleve og handheve det. Det tek omsyn både til styresmaktene sitt behov for å kunne føre kontroll og jegeren sitt krav til rettstryggleik.


Sist oppdatert 20/12/2016