113 jervar kan fellast på lisens

Den 10. september starta perioden for lisensfelling av jerv. Den samla kvota som er sett av rovviltnemndene, er tydeleg redusert sidan lisensfellinga i fjor.

Jerv

Tekst: Miljøkrimredaksjonen

Jerven er ein freda art i Noreg og vert regulert etter eit nasjonalt mål for tal på dyr. For jerv er det nasjonale målet vedteke av Stortinget 39 jervkull – som er fordelte på eigne mål for kvar rovviltregion. Når målet er nådd for alle regionane, er det dei respektive rovviltnemndene som fastset kvotar.

Den samla bestanden vert rekna ut frå talet observerte ynglingar/ungekull i gjennomsnitt dei siste tre åra. I 2015 vart den norske jerv­bestanden rekna til 336 vaksne jervar.
Stortinget har vedteke at lisensfelling er det primære forvaltingsverktyet for å regulere jervbestanden, og dermed avgrense tap av bufe og tamrein. Lisensfellingsperioden for jerv er frå 10. september til og med 15. februar.

Samla sett er kvotane reduserte sidan i fjor – totalt 113 i år mot 141 i fjor. Førebelse tal frå overvakinga syner ein tydeleg nedgang i talet på jervkull sidan i fjor, med 47 observerte kull per 29. august 2016, mot 65 i fjor.

Av desse 47 har Miljødirektoratet ved SNO (Statens naturoppsyn) gjennomført ekstra­ordinære uttak av jervtispe og/eller ungar. Det vart gjort ved å ta ut sju hi. I tillegg vart 19 einskilde vaksne jervar tekne ut vinteren 2016.

Fakta om lisensfelling
Skademotivert felling av eit bestemt tal individ av ein viltart, med heimel i viltlova § 12. Kvoten er fastsett av offentleg myndigheit, og jegerar som skal delta, må vere registrert som lisens­jeger i jegerregisteret.
Fakta om jerven
  • Jerven er det største mårdyret vi har i Norge. Hannene veier mellom 12–18 kilo, mens hunnene er mellom 8–12 kilo tunge. Individene kan bli mellom 70 og 85 centimeter lange og har en buskete hale, som er mellom 25 og 35 centimeter lang.
  • Hodet til jerven er grovt og avrundet, og har små øyne og små avrundede ører. Føttene er korte og har store labber med fem tær med kraftige klør. Pelsen er tykk og glatt, og er i farger fra mørk brun til sort. De fleste jervene har lyse tegninger over panne og kinn og langs sidene fra skuldrene og bakover til halen. Noen individer har også hvite flekker på brystet.
  • Den kraftige kroppsbygningen gjør at jerven av utseende er snarlik en liten bjørn, men bevegelsesmønster og atferd viser tydelig at den tilhører mårdyrene.
  • Jerven kan nedlegge byttedyr som er mye større enn seg selv.
Kilde: Rovdata

 


Sist oppdatert 20/12/2016