Noregs første rapport til UNESCO om 1970-konvensjonen

Noreg ratifiserte den såkalla 1970-konvensjonen (UNESCO-konvensjonen) i februar 2007 og har forplikta seg til å rapportere om status for arbeidet med nasjonal oppfølging av konvensjonens bestemmelser kvart fjerde år.

Tekst: Politioverbetjent Kenneth Didriksen, Økokrim

Endra samfunnstilhøve og globalisering gjer at problemet med ulovleg omsetning av kulturgjenstandar er aukande. Uerstattelege kulturskattar vert fjerna frå opphavslandet for å verte omsette på den internasjonale illegale kunstmarknaden. Det er i aukande grad anerkjent av det internasjonale samfunnet som uetisk at kunstgjenstandar som er av stor verdi for historia og identiteten til ein kultur, vert fjerna frå opphavsstaden. Dette er óg bakgrunnen for at det er eit auka behov for betre internasjonalt samarbeid når det gjeld vern av kulturarven.

Etterspørselen etter kulturgjenstandar internasjonalt har auka monaleg sidan konvensjonen blei vedteken i 1970. Dei færraste landa har ein effektiv utførselskontroll. Då er det til dømes viktig at dei landa der gjenstandane blir innførte, mellom anna ved tollkontroll, ser til at gjenstandar som kan mistenkjast for å vere ulovleg utførte frå eit anna land, blir beslaglagde og leverte tilbake til opphavslandet. Slikt effektiv vern av kulturarven krev internasjonalt samarbeid og der kjem UNESCO-konvensjonen inn som eit felles verktøy.

UNESCO-konvensjonen inneheld føresegner for å verne den fysiske kulturarven, i kampen mot den illegale handelen med kulturminnegjenstandar. I hovudsak knyter pliktene for medlemsstatane seg til tre kategoriar: registrering og kontroll, forbod mot eksport og import og krav om tilbakeføring.

UNESCO sitt øvste organ, Generalkonferansen, vert halde kvart fjerde år. Neste gang er hausten 2011. Noreg vil da for føste gong legge fram si nasjonale rapportering for å vise korleis konvensjonen vert implementert nasjonalt, klargjere framskritt som gjerast, peike på hindringar for gjennomføring og utveksle røynsle og såkalla «beste praksis».

Forutan dei reint kulturminnefaglege institusjonane har også ØKOKRIM og Toll- og avgiftsdirektoratet delteke i utarbeiding av Kulturdepartementet sin rapport.

Rapporten er derfor ei grei essens om korleis det står til med arbeidet mot ulovleg omsetning av kunst- og kulturminnegjenstandar i Noreg. Rapporten nemner blant anna registreringsordninga Object-ID som óg er omsett til norsk, den tverretatlege faggruppa som Justisdepartementet initierte, politiets til dels manglande statistikk over denne type brotsverk og det igangsatte arbeidet med å lage ein gjenstandsdatabase for politiet.

Rapporten konkluderer med at kunnskap, prioritering og kontrollaktivitet er nøkkelomgrep i eit vellukka arbeid for å hindre kulturminnekriminalitet.

 


 

Fakta om UNESCO

UNESCO er forkortelse for United Nations Educational, Scientific and Cultural Organization og er FNs organisasjon for utdannelse, vitenskap og kultur.

UNESCO ble stiftet den 16. november 1945 og utfolder sine aktiviteter på feltene utdannelse, naturvitenskap, sosial og humanistisk vitenskap, kultur, kommunikasjon og informasjon. Organisasjonen arbeider for fred blant annet gjennom samarbeid, kommunikasjon og utveksling av ideer mellom sine 192 medlemsland.

UNESCO-konvensjonen om vern av verdens kultur- og naturarv (1972) har som formål å sikre vern av kulturminner og naturområder som har stor betydning i verdensmålestokk. 812 slike verneobjekter er hittil utpekt (pr. juli 2005).

Kilde: Wikipedia


Sist oppdatert 14/09/2011




PDF av nyeste Miljøkrim: