Aktuelle førelegg

Arbeidsmiljø/dødsulykke

Oslo politidistrikt har skrive ut førelegg etter at det ved bygging i Kristoffer Aamodts gate i 2012 rasa åtte hòldekk, kvart på 7,4 tonn, frå plan 1 til plan 1U og vidare ned i kjellarrommet. Ein mann omkom på staden, og to andre blei skada. Saka skulle opp som ei ordinær straffesak i Oslo tingrett, men blei trekt då dei to tiltala føretaka vedtok førelegg for brot på straffelova § 151 jf. § 48 a.
Førelegga, mot føretak I på 1 500 000 kroner og mot føretak II på 1 250 000 kroner, blei gjevne fordi dei ikkje hadde gjort og/eller sørgt for naudsynte tiltak for å sikre at berekonstruksjonen var forsvarleg.

Arbeidsmiljø/arbeidsmarknad: Reglar om arbeidstid

Oslo politidistrikt har skrive ut førelegg til tre kjende serveringsstader på Tjuvholmen og Aker brygge for brot på arbeidsmiljølova § 19-1 første leddet jf. § 10-6 åttande og ellevte leddet jf. § 10-8 fyrste leddet, jf. straffelova § 48 a.

Grunnlaget er at eigarane og dei ansvarlege for desse restaurantane i juli 2013 let vere å organisere arbeidet til dei tilsette i tråd med reglane for arbeidstid og overtid. Fleire tilsette arbeidde mykje meir enn ordinær arbeidstid, òg jamført med den snittutrekninga som var avtalt for den enkelte.

Førelegga til dei tre serveringsstadane var på 50 000, 50 000 og 100 000 kroner.

Arbeidsmiljø: Reglar om tryggleik, helse og arbeidsmiljø

Oslo politidistrikt har skrive ut førelegg til ein entreprenør, ein byggherre og eit utviklarføretak for brot på arbeidsmiljølova §§ 19-1 nr. 1 jf. § 4 1 fyrste og andre leddet, jf. forskrift om utførelse av arbeid § 21-2 og § 21-4, jf. straffelova § 48 a og arbeidsmiljølova § 9-1, jf. forskrift om sikkerhet, helse og arbeidsmiljø på bygge- eller anleggsplasser (byggherreforskrifta) §§ 5 og 8.

Det eine lovbrotet gjaldt arbeid i ei inntil 2,8 meter djup grøft i Sognsveien i april 2013 utan detaljerte planar for arbeidet og utan å sikre grøfta mot utrasing.

Førelegga mot entreprenøren og byggherren var på 50 000 og 150 000 kroner.

Det andre lovbrotet gjekk ut på at dei hadde brote pliktene sine på fleire byggjeplassar i Oslo (Jomfrustien, Kaptein Oppegårds vei, Dovresvingen og Risalleen) sidan dei ikkje hadde sendt førehandsmelding til Arbeidstilsynet, utarbeidd ein plan for tryggleik, helse og arbeidsmiljø, peika ut ein koordinator og hatt eit system for oversiktslister over mannskap på byggjeplassen.

Førelegget mot utviklarføretaket var på 125 000 kroner.

Forureining: Utslepp av reingjeringsmiddel til eit overløpsnett og ei elv

Eit legemiddelføretak i Oslo har fått eit førelegg på ein million kroner for brot på forureiningslova § 78 andre leddet fyrste straffalternativet
jf. fyrste leddet bokstav a jf. § 7 fyrste leddet, jf. straffelova § 48 a.

Grunnlaget er at det i september 2009, då tilsette gjorde reint eit kjøletårn i Harbitzalléen 3 i Oslo, rann om lag 5 000 liter vaskevatn med konsentrert fosforsyre, om lag 30 000 liter basisk væske og om lag 30 liter konsentrert lutløysning, eller delar av dette, ut i det kommunale overløpsnettet med utslepp til Hoffselva. To ventilar stod opne ved ein feil, og det var ein lekkasje frå prosessavløpsnettet til føretaket. Fiskar og botndyr i Hoffselva døydde straks på grunn av utsleppet.

Akvakultur/vassressurslova: Setjefiskanlegg

Et setjefiskføretak har fått eit førelegg på to millionar kroner av Nord-Trøndelag politidistrikt for brot på akvakulturlova § 31 og vassressurslova § 63, jf. straffelova § 48 a, under særleg skjerpande omstende.
Grunnlaget er kritiske manglar ved utstyr og rutinar som kom for dagen då 120 000 setjefisk rømde frå anlegget i Røyklibotn i august 2008. Verksemda sette heller ikkje i gang adekvate tiltak då dei oppdaga rømminga, og dei varsla ikkje Fiskeridirektoratet før etter 14 dagar.
Dessutan grov dei hausten 2008 ein kanal frå Sommerhustjønna utan konsesjon og senka vasstanden i Svarttjønna, Nordskagvatnet og Heimvatnet til under den lågaste regulerte grensa i konsesjonen og det mellombels løyvet, slik at den tidlegare sjøbotnen rasa og/eller glei ut. I den same perioden sleppte ikkje verksemda ei minstevassføring frå Heimvatnet med 30 l/s som dei skulle ifølgje konsesjonen. Verksemda har heller ikkje laga noko internkontrollsystem for utnyttinga av Surviksvassdraget i Namsos.

Ulovleg fiske: Fiske med levande agn

To personar frå Oslo har fått bøter for ulovleg fiske (for mange fiskestenger per person) og fiske med levande agn i Nøklevatn i Austmarka. Førelegga var på 5 000 og 7 000 kroner.

CITES: Ulovleg import

Den 22. nov­ember kom det eit vareparti med artar som står på CITES-liste II, til Oslo lufthamn Gardermoen. Før tolldeklareringa 26. november blei godset splitta og levert til to separate adresser i Noreg. Føretaket vedtok eit førelegg på 50 000 kroner for brot på tollova § 16-2
jf. 16-1 jf. 4-10.


Sist oppdatert 17/09/2014