Miljøtiltak gjev kostnadsauke

Norske produsentar av laks og regnbogeaure hadde høg inntening i fjor, viser tal frå Fiskeridirektoratet si undersøking av lønsemd for 2013. Men auka kostnader trakk resultatet noko ned.

Kilde: Fiskeridirektoratet

Fiskeridirektør Liv Holmefjord seier i ein kommentar at det gode resultatet ikkje kjem overraskande sidan prisnivået var høgt i 2013. Ho peikar derimot på at produksjonskostnadane har auka, og at tala gjer grunn til å tru at kostnader knytt til fiskehelse og miljø har auka monaleg.

— Eg tolkar dette mellom anna som eit teikn på at aktørane brukar stadig meir midlar på nødvendige forebyggjande tiltak i verksemda, seier Holmefjord.

Ho viser også til at produksjonen per årsverk går ned, og trur den registrerte auka i talet tilsette i næringa også reflekterer at næringa rettar stadig større merksemd på betre produksjonsrutinar og vedlikehald.

Gjennomsnittleg driftsmargin gjekk opp frå 6,5 prosent i 2012 til 26,6 prosent i 2013, medan gjennomsnittleg forteneste per kilo gjekk opp frå kr 0,92 i 2012 til 7,63 kroner i 2013.

Rekordhøg salspris

Gjennomsnittleg salspris per kg selt laks var 33,29 kroner i 2013, medan gjennomsnittleg salspris per kg selt regnbogeaure var kr 31,46 i 2013. Vi må heilt tilbake til 1994 for å finne ein høgare gjennomsnittleg salspris per kg.

Auka kostnader

Prisauka har ført til høgare forteneste per kilo – om enn ikkje så mykje som ein kunne forvente. Det skuldast auka produksjonskostnader. Produksjons­kostnad per kg auka med 18,7 prosent frå 2012 til 2013.

Vi ser at kostnadene knytt til vedlikehald av utstyr, samt kostnader knytt til fiskehelse og miljø utgjer største delen av annan driftskostnad. Vedlikehaldskostnader utgjorde vel 39 prosent og fiskehelse- og miljøkostnader vel 17 prosent av annan driftskostnad i 2013.


Sist oppdatert 03/10/2014