Aktuelle dommar

Høgsterett

Rt-2014-907 – Felling av tre med kongeørnreir / unødig skade og liding på vilt

Lagmannsretten hadde fastsett straffa for brot på naturmangfaldlova § 75 første ledd jf. § 15 første ledd og motorferdsellova § 12 jf. § 3 til fengsel på vilkår i 21 dagar og ei bot på 18 000 kroner for den eine av dei tiltalte, og ei bot på 15 000 kroner for den andre. Dei to hadde felt eit tre med eit kongeørnreir i. Ankeutvalet var sams i tydinga til lagmannsretten av naturmangfaldlova § 15, der dei kom til at vernet etter andre punktum i lovregelen er generelt og ikkje avgrensa til hausting og anna uttak av viltlevande dyr. Dei domfelte anka lovbruken og straffutmålinga, men ankane vart nekta fremja.

Den grunngjevne avgjerda frå Høgsterett gir ei viktig rettsavklaring av korleis ein skal forstå naturmangfaldlova § 15 første ledd andre punktum og kva «unødig skade og lidelse på viltlevende dyr og deres reir, bo eller hi» inneber.

HR-2014-2244 – Havørnegg (LG-2014-49847)

Lagmannsretten dømde den tiltalte for brot på naturmangfaldlova ved at han hadde sanka eit havørnegg frå eit havørnreir, jf. naturmangfaldlova § 75 første ledd, jf. § 15. Lagmannsretten kom til at sjølv om den tiltalte ikkje hadde fjerna egget eller transportert det sjølv, var sankinga eit felles prosjekt mellom den tiltalte og han som fjerna egget. Lagmannsretten dømde den tiltalte til fengsel i 45 dagar, 30 av dei på vilkår. Saka gjaldt også ulovleg oppbevaring m.m. av eit havørnegg, jf. viltlova § 56 første ledd første straffalternativ, jf. viltlova § 48 a. Havørnegget vart inndrege som ein del av avgjerda.

Den tiltalte anka saka til Høgsterett, som samrøystes fann at det ikkje var vektige grunnar til å fremje denne anka for Høgsterett, korkje av di avgjerda var viktig utanfor denne saka eller av andre grunnar. Avgjerda frå lagmannsretten er difor rettskraftig og stadfestar dermed at slike handlingar i utgangspunktet gir grunnlag for ein merkbar, vilkårslaus reaksjon.

Lagmannsrett        

LA-2014-17984 – Vrakbilar – eit stort tal køyrety sette att i naturen

Liksom tingretten (TLARV-2013-144360) fann lagmannsretten to menn skuldige i brot på forureiningslova § 79 første ledd bokstav a på grunnlag av at dei hadde sett ifrå seg ei rekkje lastebilar, bussar, anleggsmaskiner og personbilar i naturen utan å sørgje for noko forsvarleg miljøsanering.

Lagmannsretten drøfta også spørsmålet om dobbeltstraff knytt til tidlegare tvangsmulkter ilagde av kommunen etter forureiningslovas § 73. Lagmannsretten konkluderte under tilvising til Rt-2012-921 at tvangsbøtene ikkje stengde for ei seinare strafforfølging;

«Formålet med den negative sanksjonen tvangsmulkt er å tvinge frem en oppfyllelse av en forpliktelse slik at en lovlig tilstand gjenopprettes. Reaksjonen stiller ikkje krav til subjektiv skyld, og er ikkje tilbakeskuende.» Båe dei tiltalte vart, som i tingretten, dømde til fengsel på vilkår med to års prøvetid og bøter til staten.

Tingrett

TSTAV-2014-112 – Kystlynghei – grov miljøkriminalitet – Jæren landskapsvernområde

Ein mann f. 1954 vart dømd til fengsel i 60 dagar for brot på naturmangfaldlova. Den tiltalte hadde utført masseutskifting, bergskraping, utfylling, drenering, oppgrusing og planering av ca. 1150 km² av eigedommen innanfor Jæren landskapsvernområde. Den tiltalte hadde såleis gjort varige inngrep på i overkant av eitt mål jord av naturtypen kystlynghei, som er ein trua naturtype. Han hadde òg fylt ut fukthei på eigedommen. Fukthei har generelt sett ein stor artsrikdom og kan innehalde samfunn av sjeldne artar. Retten vektla i skjerpande retning at den tiltalte har handla forsettleg, og at ein her måtte ta sterke allmennpreventive omsyn. Saka er anka. (Sjå ein utfyllande omtale av saka på side 31)

13-12431MED-SALT – Fiskeri/havressurslova

Saka frå 2013 gjaldt feilføring av sluttsetlar ved levering av fisk, jf. havressurslova § 62, jf. § 39 og forskrifta om opplysningsplikt ved landing om omsetjing av fisk, § 12, jf. § 4*. Sluttsetlane inneheld informasjon om innlevert fangst, mellom anna informasjon om art, vekt og produkttilstand. Landings- og sluttsetlar er saman med fangstdagboka dei mest sentrale dokumenta som opplysningsplikta i norske fiskeri omfattar. Desse reglane skal sikre korrekt kvoteavrekning for kvart farty, og skal sikre at haustinga har skjedd i tråd med dei gjeldande reglane. Ein korrekt utfylt sluttsetel skal mellom anna innehalde informasjon om art, størrelse, tilstand, kvalitet og vekt for fisken som er landa.

Fiskeridirektoratet fekk i april 2012 konkrete tips frå Kystvakta om ureglementær føring av sluttsetlane ved levering av fisk frå båtane som høyrde til eit bestemt reiarlag. Dette gjorde at Fiskeridirektoratet sette i gang nærare undersøkingar rundt desse påstandane, både av fiskefarty og av fiskemottaket der fisken vart landa.

Retten konkluderte med betydelege avvik mellom den mengda fisk retten meinte beviseleg hadde vore landa, og den mengda som var ført opp på sluttsetlane. Det var òg ført opp leveranse av fisk på setelen som ikkje hadde vore levert. Dei urette sluttsetlane var fylte ut og signerte både av eigaren av fiskefartyet som landar fisken, og av mottakaren på vegne av fiskemottaket. Retten konkluderte med at feilføringane var gjort forsettleg og framheva at dei allmennpreventive omsyna talte for ein følbar reaksjon, særlig ettersom oppdagingsfaren og risikoen er låg og innteningspotensialet er høgt ved juks med kvotereglementet.

I domsslutninga gjekk retten vidare enn straffepåstanden frå aktor, og idømde bøter på 30 000 og 25 000 kroner i personlege bøtestraffer til eigarane av fiskefartya i tillegg til inndraging av straffbart utbytte med til saman 185 000 kroner. Fiskemottaket fekk ei føretaksbot på 45 000 kroner.

14-103685ENE-SOST – Tjuvjakt, underslag av felt vilt og ulovleg fangstreiskap

Ein 25 år gammal mann frå Hedmark vart dømd til fengsel i 30 dagar for bl.a. tjuvjakt på til saman tre rådyr, ved sida av inndraging og tap av retten til jakt og fangst i 2 år. Ved straffutmålinga viste retten mellom anna til Rt-1992-1322 og LB-2003-957. Straffeheimlane i saka var brot på naturmangfaldlova § 75, jf. §15 første ledd, straffelova § 255 og viltlova § 56 første ledd første straffalternativ, jf. § 24.

14-111751ENE-SOST – Tjuvjakt, ulovleg innførsel av framande artar, brot på våpenlova

For tjuvjakt som den i saka over vart ein 26 år gammal mann frå Hedmark dømd til 36 dagar vilkårslaust fengsel ved sida av inndraging og rettstap for ulovlig tjuvjakt på rådyr og bistandsheleri knytt til tjuvjakt. I tillegg heldt han på ulovleg vis ein pytonslange i sin private bustad, og han hadde overlate våpen til andre utan utlånserklæring. Ved straffutmålinga var det særleg den ulovlege jakta, med felling av fire dyr, som vart framheva av retten.

Retten seier mellom anna:

«Det må likevel ses strengt på illegal beskatning av vilt. Slik jakt er i strid med forvaltning av viltet og reduserer andre lovlige jegeres sjanse for å felle vilt. Oppdagelsesrisikoen er ofte liten, og det er derfor av allmennpreventive grunner viktig at straffen blir streng. Individualpreventive hensyn gjør seg også gjeldende da straffen skal være så streng at siktede senere avstår fra å bedrive tyvjakt.»

Retten la til grunn at om den tiltalte ikkje hadde tilstått, ville straffa vore på rundt 45 dagar. Straffeheimlane i saka var brot på straffelova § 317 første ledd første straffalternativ, naturmangfaldlova § 75 jf. §15 første ledd, dyrevelferdslova § 37 første ledd jf. § 22, jf. forskrift av 20. november 1976 om forbud mot at fremmedartede (eksotiske) dyr innføres, omsettes eller holdes som husdyr, selskapsdyr eller i fangenskap på annen måte § 1, og våpenlova § 33 første ledd første punktum jf. tredje ledd jf. § 11 første ledd første punktum jf. tredje ledd.

14-019257MED-BBYR/02 – Ulovleg mellomlagring av farleg avfall (spillolje)

Eit transporttenesteselskap i Bergen (Hordaland) er idømt ei føretaksbot på 100 000 kroner for brot på forureiningslova § 79 andre ledd, jf. avfallsforskrifta (2004) § 19-7 første punktum, jf. § 11-6, jf. straffelova § 48 a. Saka gjaldt ulovleg mellomlagring for eit anna selskap av til saman 96 kubikkmeter spillolje som transportverksemda ikkje hadde løyve til å handtere. Selskapet som transporverksemda mellomlagra spillolja for, var opprinneleg også ein del av saka, men dette selskapet vart tvangsoppløyst før saka kom opp for domstolen. I si grunngjeving om straffutmålinga og vurderinga etter straffelova § 48 b viser retten mellom anna til Rt-2007-1684 (Sandvikselva), premiss 47, der ein seier dette:

Ved straffutmålingen skal det legges vekt på de momentene som er nevnt i straffeloven § 48b bokstav a - g. Det kan også legges vekt på andre momenter enn dem som er nevnt i paragrafen. Påtalemyndigheten har pekt på at allmennpreventive hensyn er viktige i forurensningssaker. Miljøet representerer et felles gode som har særskilt behov for vern mot inngrep. Jeg er enig i dette, og viser også til uttalelsen i Rt-2004-1645 avsnitt 39 som gjaldt brudd på forurensningsloven § 78 første ledd:

«Avfallshåndtering er en økende virksomhet, til dels med mulighet for stor fortjeneste. Samtidig kan det være kostnadskrevende å håndtere avfallet på en forsvarlig måte. Et ønske om å tjene mest mulig og om å bevare arbeidsplasser kan friste mindre ansvarlige aktører til å nedprioritere miljøtiltak. Samtidig kan oppdagelsesrisikoen være liten. Allmennpreventive hensyn tilsier derfor etter mitt syn at det i vår sak idømmes en følbar reaksjon.»

Dommen er ikkje rettskraftig.

Note
* Frå 1. august 2014 er har Fiskeridirektoratet heimel til å ileggje lovbrotsgebyr på inntil 100 000 kroner i denne typen saker, jf. forskrift om bruk av tvangsmulkt og overtredelsesgebyr ved brudd på havressursloven (FOR-2011-12-20-1437), § 4 bokstav i.

Sist oppdatert 11/12/2014