Aktuelle førelegg

Arbeidsmiljø / samanstyrting: brukollaps

Statsadvokatane i Trøndelag har gitt Statens vegvesen og entreprenørselskapet Reinertsen føretaksbøter på 7 millionar kroner kvar etter brukollapsen i 2013 ved Leangen under E6-arbeidet med Rotvollhaugen bru, jf. straffelova § 151, jf. straffelova § 48 a.

To personar omkom i ulykka, ein forbipasserande i bil og ein tilsett frå ein underentreprenør av entreprenørselskapet som arbeidde på stillaskonstruksjonen som held bruforskalinga oppe. Årsaka til at konstruksjonen styrta saman var manglar og veike punkt i stillaskonstruksjonen som bar bruforskalinga over kjørebanane, slik at bereevna vart vesentleg redusert. Bøtene vart gitt mellom anna for svikt i rutinane for å kontrollere bereevna til stillaset, både hos Statens vegvesen og hos entreprenørselskapet Reinertsen AS. Ein la til grunn at feilane i konstruksjonen var synbare i store delar av den aktuelle byggeperioden før samanstyrtinga til slutt skjedde, og meinte ein kontroll ville ha avdekt openberre manglar ved stillaset. Seinare undersøkingar har vist at ein visuell kontroll i seg sjølv ikkje naudsynleg ville ha kunna avdekt feilen, men både Statens vegvesen og entreprenørselskapet erkjende svikt i kontrollrutinane og oppfølginga av midlertidige konstruksjonar. Storleiken på bøtene vart redusert til 5 millionar kroner i den etterfølgjande gjennomgangen av årsakene til ulykka.

Forureining: Støvutslepp

Yara Norge AS er av Telemark politidistrikt ilagd ei føretaksbot på 1 million kroner for brot på forureiningslova 78 første ledd bokstav a, jf. § 7 første ledd, jf. straffelova § 48 a. Under lossing i sterk vind opp mot stiv kuling av til saman 5250 tonn fosfat frå båt til Yara Porsgrunns, førte lossinga til at fosfatstøv vart spreidd til bygg og eigedelar utomhus i boligområdet Knardalsstrand på den andre sida av Porsgrunnselva. Eit lag med fosfatstøv vart liggjande over bygg, bilar, båtar, utemøblar m.m.

Før støvutsleppet hadde Yara Porsgrunn ikkje gjort noka tilstrekkeleg kartlegging eller risikovurdering av arbeidsoperasjonen med lossing av tørr fosfat med portalkran over kai og opp i silo om vindforholda endra seg. Verksemda hadde dermed ikkje gode nok kontrollrutinar og instrukser for lossing av fosfat. Skiftet som lossa fosfaten, hadde ikkje god nok situasjonsinnsikt, skiftleiaren og operatørene kommuniserte ikkje godt nok, og det mangla informasjon om vatninnhaldet i det konkrete partiet med fosfat.

Forureining: Utslepp av fyringsolje

Yara Norge AS er av Telemark politidistrikt ilagd ei føretaksbot på 2 millionar kroner for brot på forureiningslova 78 første ledd boksatav a, jf. § 7 første ledd, jf. straffelova § 48 a.

I november 2012 rann det frå Yara fabrikkar på Herøya i Porsgrunn ut i sjøen ca. 13 tonn tung fyringsolje (fyringsolje nr. 6) via eit avluftingsrøyr til sjø i eit tidsrom på 1 time og 42 minutt. Oljeutsleppet førte til at 2,5 km strandsone, 3 båtar og 5 bryggjer vart tilgrisne og 5 fuglar døydde.
Årsaka til utsleppet var overfylling av ein nedre dagtank for tung fyringsolje i damp-, vatn- og luftanlegget (DVL). Overfyllinga skjedde under drifta av oljekjel 8, og førte til at fyringsolja vart pressa opp i eit avluftingsrøyr over tak. Derifrå rann olja ned i eit takløp via hovedkloakk F15, og vidare ut til sjøen.

Den direkte årsaka til utsleppet var ein defekt nivåmålar på ein nedre dagtank, defekten var ikkje oppdaga, ein returventil var stilt i feil posisjon og eit overløpsrøyr fungerte ikkje som det skulle.

Før utsleppet hadde Yara Porsgrunn ikkje gjort noka tilstrekkeleg kartlegging eller risikovurdering av dagtankanlegget. Verksemda hadde mellom anna ikkje gode nok vedlikehalds- og ettersynsrutinar av nivåmålaren og overløpsrøyret. Det fannst ingen driftsinstruks for dagtankane, og skiftet som gjekk på arbeid kvelden før utsleppet, hadde ikkje god nok situasjonsinnsikt.

Forureining: Ulovleg deponi

I heile eller delar av perioden frå slutten av 90-tallet til oktober 2012, på Andkilen i Sørfold kommune (Salten), hadde ei bedrift jamnleg deponert jarnskrot, planterestar frå gartneri, flis og rivingsvirke, og ho hadde jamnleg teke imot og midlertidig lagra oppgravne massar frå eit eldre deponi. Delar av dette var deponert som følgje av avtalar mellom føretaket og tre lokale bedrifter. Dette innebar ein fare for forureining.

Utsleppsløyva frå Statens forureiningstilsyn den 27. mars 1996, med seinare endringar, ga berre løyve til å deponere bedriftsinternt industriavfall frå bedrifta si eiga verksemd på staden, av følgjande spesifikke avfallstypar; foringsmateriale, slagg, restar/finfraksjonar av rå- og ferdigvarar, grovt silicastøv, pelletisert ikkje salgbart silica og sekkar med ikkje salgbart silikastøv. Bedrifta vart på dette grunnlaget ilagd ei bot på 400 000 kroner, jf. forureiningslova § 78 første ledd bokstav a, jf. § 7 første ledd, jf. straffelova § 48 a.

Forureining: Tappekran for gjødselkum

Ein gardbrukar i Voss (Hordaland) vart ilagd 25 000 kroner i bot som følgje av manglande rutinar og kontroll med lukkinga av ein gjødselkum, som førte til at 254 kubikkmeter husdyrgjødsel over kort tid rann ut og dekte eit areal på 1,6 mål. 14 kubikkmeter (14 000 liter) av dette rann ut i Giljarhuselva og Brandsetelelva. Forureininga utgjorde ein fare for at menneske og dyreliv kunne bli påført skader og ulempe, jf. forureiningslova § 78 første ledd bokstav a, jf. § 7 første ledd.

Natur/fauna: Ulovleg fiske med lystergaffel

Fire personar frå Steinsland (Hordaland) har fått førelegg på 12 000 kroner for ulovleg fiske av stor aure som vart stukken med lystergaffel og teken på land, jf. lakse- og innlandsfiskelova § 49 første ledd, jf. § 37 andre ledd nr 6 og 7. Omtale av det ulovlege fisket finn du på side 18. Sjå óg foto nedanfor frå politiet.

Kulturminne: Oseberghaugen/Slagendalen – skade på kulturminne – brot på undersøkings- og meldeplikta

ØKOKRIM har gitt Tønsberg kommune ei bot på to millionar kroner for å ha skadd freda kulturminne og for brot både på kommunen si undersøkingsplikt og offentlege organ si meldeplikt til fylkeskommunen om tiltak som er omfatta av kulturminnelova. Skaden skjedde ved at kommunen utførde større gravetiltak nær Oseberghaugen og i kulturmiljøet til gravhaugen i Slagendalen. Gravinga vart gjort utan løyve frå fylkeskommunen. Oseberghaugen er eit unikt kulturminne og ligg i eit kulturmiljø av nasjonal og internasjonal verdi. Området der gravetiltaket fann stad, inngår i området som er søkt verna som verdsarv, og det vart gjort uoppretteleg skade under gravinga. Straffeheimelen er kulturminnelova § 27, andre straffalternativ, jf. § 3 første ledd, jf. §§ 8 og 9, jf. straffelova § 48 a og kulturminnelova § 27, andre straffalternativ, jf. § 25 første ledd, jf. straffelova § 48 a.

Fristen for å vedta førelegget har ikkje gått ut.


Sist oppdatert 11/12/2014