Miljøkrim er lukrativt: Lite samarbeid og låge straffer

Ein ny rapport frå EU-organet for rettsleg samarbeid, EUROJUST, avslører at organiserte kriminelle grupper står bak store delar av grensekryssande miljøkriminalitet. Til tross for at dei involverte kriminelle hentar ut enorme økonomiske utbytte, viser rapporten også at miljøkriminalitet sjeldan blir etterforska og påtala av dei europeiske landa. Det er i tillegg svært få saker som blir rapporterte inn til EUROJUST, til tross for at kriminaliteten kryssar grenser, og sakene let seg best løyse gjennom samarbeid mellom landa sakene gjeld.

environmental-crime-report_2014_brosjyre.jpgDen nyleg publiserte rapporten der EUROJUST for første gong tek for seg miljøkriminalitet, rettar merksemda mot tre område:

  • handel med utrydningstrua artar
  • ulovleg handel med avfall
  • forureining av overflatevann

Innafor desse emnene har EU undersøkt dei nasjonale tilsynsstrukturane, kva fagkompetanse som er tilgjengeleg, og moglege løysingar.

I oppsummeringa av resultata understrekar EUROJUST at miljøkriminalitet er svært innbringande samstundes som straffene er låge. Dei understrekar òg at det altfor sjeldan blir rapportert om ulovleg handel med avfall, der organiserte kriminelle grupper kan være involverte, eller at desse sakene ganske enkelt ikkje blir følgde opp.

Rapporten byggjer mellom anna på innspel frå dei europeiske landa (inkl. Noreg), og ein hevdar i rapporten at nasjonale styresmakter i stor grad har mislukkast i arbeidet sitt mot grensekryssande miljøkriminalitet.

Som eit primærforslag til løysing på dei nedslåande resultata påpeiker  EUROJUST at etterretning er heilt naudsynt i arbeidet med slik kriminalitet. Ein må utvikle betre og meir etterretningsarbeid på nasjonalt nivå på tvers av sektorane, der alle relevante etatar deler informasjon og kompetanse. Involverer ein EUROJUST tidleg i prosessen, kan ein dra veksler på ei sentral koordinering og felles etterforskingsteam med meir.


Sist oppdatert 22/12/2014